Oppegård kommune
Oppegård kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Akershus | ||
Adm.senter | Kolbotn | ||
Areal | 37 km² | ||
- land | 34 km² | ||
- vatn | 3 km² | ||
Målform | Bokmål | ||
Ordførar | Thomas Sjøvold (H) | ||
Kommunenr. | 0217 | ||
![]() Oppegård | |||
Wikimedia Commons: Oppegård (former municipality) | |||
Nettstad: www.oppegard.kommune.no | |||
Oppegård var ein kommune i Akershus fylke. Kommunen låg på austsida av Bunnefjorden, ein arm av Oslofjorden, og grensa i nord til Oslo, i vest til Ski, i sør til Ås og i vest til Nesodden kommune. Viktige tettstader var Oppegård, Svartskog og Kolbotn.
Geografi[endre | endre wikiteksten]
Den lange, nord-sørgåande Gjersjøen delte kommunen i to.
Østfoldbanen har frå gammalt av vore livsnerva i Oppegård. Han har desse stoppestadane i kommunen: Kolbotn, Solbråtan, Myrvoll, Greverud og Oppegård.
Næringsliv[endre | endre wikiteksten]
Fleire store verksemder har etablert seg med kontor i kommunen, mellom anna IBM, Norgesbuss, Kodak, Volvo/Ford, DFDS Transport og Jernia.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Oppegård var del av Nesodden fram til 1915, då han blei skild ut som eige herad. Kommunevåpenet har 17 trekantar som står for dei ulike gardane i kommunen: Oppegård, Grønmo, Bålerud, Sjødal, Ormerud, Li, Kullebunden, Ekornrud, Greverud, Sætre, Kurud, Dal, Vasbunden, Hvitebjørn og Fløisbonn.
Den 1. januar 2020 var kommunen slegen saman med Ski kommune til Nordre Follo kommune.[1]
Kjende Oppegårdfolk[endre | endre wikiteksten]
- Jan Petersen, politikar
- Roald Amundsen budde på Svartskog.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Forskrift om sammenslåing av Oppegård kommune og Ski kommune til Nordre Follo kommune, Akershus - Lovdata», lovdata.no, henta 2. januar 2020
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Oppegård kommune (Offisiell nettstad)