Oppgang og nedgang i astronomi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Oppgang i astronomien er når ein himmellekam kjem til syne over den austlege horisonten på grunn av jordomdreiinga. Det vert skilt mellom sann oppgang når høgda til stjernene er lik null, og tilsynelatande oppgang når ein kan sjå stjernene i den astronomiske horisonten. Høgda er då kring –35 bogeminutt på grunn av refraksjonen i atmosfæren. Soloppgang forstår ein vanlegvis som den tilsynelatande oppgangen for den øvre randa av solskiva. Rørsla ned under den vestlege horisonten vert kalla nedgang.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]