Oppgangssag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gamal oppgangssag frå Tørvikbygd i Kvam i Hordaland.
Oppgangssagbruk frå Tørvikbygd.
Vasshjul til oppgangssagbruk frå Tørvikbygd.

Oppgangssag er ei nemning på eit sagbruk driven av vassenergi med eit sagblad som går vertikalt opp og ned. Sagbladet er kopla til eit vasshjul med ein veivaksel.

Kvaliteten på sagbladet var avgjerande for kor effektivt saga skar. Dei fyrste, klumpete sagblada fekk snart avløysing av betre, tynnare sagblad. I historiske kjelder finn ein omgrepet silkesag. Sagblada kunne òg monterast saman i ei ramme, slik at det vart ei sokalla rammesag som kunne skjere stokken i fleire bord i ei vending, i motsetnad til sager med berre eitt blad. På slutten av 1800-talet kom sirkelsagene slik me kjenner dei, altså blad forma som ei skive med sagtenner langsetter periferien. Gamle vassdrivne oppgangssager vart da moderniserte til sirkelsager.

Soga[endre | endre wikiteksten]

I Noreg vart dei fyrste oppgangssagene tekne i bruk på 1500-talet. Den eldste norske oppgangssaga ein veit om er frå 1503 og stod i Moss, men i Sverige er det kjent at det vart bygd oppgangssager 50 år tidlegare[1] Oppgangssaga revolusjonerte trelasthandelen, og gav grunnlag for eksport. Fleire småbyar langs kysten voks fram og vart velståande som fylgje av denne handelen.

På midten av 1800-talet kom dampsagene, sager drivne av dampmaskiner. Det førte til at sagbruka ikkje lenger måtte vera plasserte i nærleiken av eit vassdrag.

Oppgangssager som er brukbare i dag[endre | endre wikiteksten]

Det er fleire operative oppgangssager: Aursfjordsaga i Målselv, Tveiten oppgangssag i Herand i Jondal kommune, Vangssago som ligg i Rosendal, ei ny oppgangssag på Hjerleid i Dovre kommune oppført omkring 1990 og ei oppgangssag i Vest-Telemark. Det er også bevart fleire oppgangssager på museum, som til dømes ved Norsk skogmuseumElverum.

Tveiten oppgangssag er drive av Stiftinga Herand Aktiesagbruk. Denne saga har blant anna levert materialar til bryggen i Bergen.

Vangssago blei bygd i 1875 og høyrde til Baroniet Rosendal. Saga blei flytta og restaurert i perioden 1997 til 2005, og blir i dag driven av Interesselaget Vangssago.

I samband med restaurering av bygningar for kulturminnevernet er det nokre gonger bruk for bord og plank som er skoren på oppgangssag.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Bækkelund, , B. (red.), Tid for skog, Norsk skogbruksmuseum, Årbok nr 15, 2001.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]