Opphaugen
| Opphaugen | |||
| stad | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Hordaland | ||
| Kommune | Fedje | ||
| Postnummer | 5947 FEDJE | ||
| Gardnummer | 168 | ||
![]() Opphaugen 60°46′55″N 4°43′06″E / 60.78197°N 4.71826°E | |||
Opphaugen er ein gard på Fedje som høyrer til Nedrelandet. Nedrelandet omfattar den nedre delen av matrikkelgarden nr. 168, altså alle bruka utanom Kopper og Husa. I motsetnad til desse to vart Opphaugen og dei andre bruka på Nedrelandet kalla plassar i skriftlege kjelder. Desse var både mindre og hadde dårlegare jord enn Kopper og Husa.
Opphaugen ligg på ei høgd, som namnet viser til, mellom Kopper og Tangane. I tidlege kjelder vart Opphaugen og Uthaugen, berre kalla Haugen. Dette gjorde det vanskeleg å skilje dei frå kvarandre, men ein veit at det er snakk om to forskjellige gardar ved at dei aldri er ført opp etter kvarandre i skattelistene. I daglegtalen vert Opphaugen oftast omtalt som «i Haugen», medan Uthaugen berre vert kalla «Haugen», dette stemmer òg med brukarnamna i dei gamle kjeldene. Uttalen av namnet er «høyen». Garden er første gong nemnt i skriftlege kjelder i 1563.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Arvid Skogseth (1997). Fedje og folket: Gards- og ættesoge for Fedje. Fedje kommune.
