Oppheim kyrkje
| Oppheim kyrkje | |||
| kyrkje | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Vestland | ||
| Kommune | Voss | ||
| Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
| Bispedøme | Bjørgvin | ||
| Prosti | Hardanger og Voss | ||
| Sokn | Oppheim | ||
| Fellesråd | Voss | ||
| Type | Langkyrkje | ||
| Arkitekt | Ole Vangberg[1] | ||
| Material | Tre | ||
| Innvigd | 1871[2] | ||
| Altartavle | Av Nils Bergslien | ||
| Sitjeplassar | 250[2] | ||
![]() Oppheim kyrkje 60°47′34″N 6°34′31″E / 60.79277778°N 6.57527778°E | |||
| Wikimedia Commons: Oppheim kyrkje | |||
Oppheim kyrkje, tidlegare Uppheim kyrkje, står på Nedre Oppheim på nordvestsida av Oppheimsvatnet i Voss herad i Vestland, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1871. Arkitekt for bygget var byggmeister Ole Vangberg, som også stod bak nabokyrkja Vinje kyrkje frå same året. John J. Alver var byggmeister for begge desse kyrkjene som vart reiste i Vossestrand prestegjeld i 1871, og Nils Bergslien måla altertavle til begge tidleg på 1900-talet.
Teikningane til både Oppheim- og Vinje-kyrkja var baserte på dei laga til Bruvik kyrkje på Osterøy, som igjen bygde på teikningane laga til Fusa kyrkje (1861-1959) av arkitekt Frederik Hannibal Stockfleth. Ei anna systerkyrkje er Gjerstad kyrkje på Osterøy.

Kyrkja er soknekyrkje i Oppheim sokn i Hardanger og Voss prosti.
Inventar
[endre | endre wikiteksten]Altertavla har kvinnene som kjem og finn Jesu grav tom som motiv, og er måla av Nils Bergslien i 1906.
Tidlegare kyrkjer på Oppheim
[endre | endre wikiteksten]Det har vore kyrkje på Oppheim sidan mellomalderen. Det tidlegaste ein finn Oppheimskyrkja nemnd i kjeldene er frå 1329. Det er bevard ei kyrkjeklokke som kan vere frå slutten av 1200-talet. Mellomalderkyrkja, som truleg var ei stavkyrkje, vart erstatta med ei lafta kyrkje på 1670-talet. 1600-talskyrkja vart riven etter at den noverande kyrkja stod ferdig i 1871. Desse to kyrkjene stod på Øvre Oppheim.[1]
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 «Norges kirker: «Oppheim kirke - Bakgrunn» på nettstaden til Norsk institutt for kulturminneforskning». Henta 2. august 2009.
- 1 2 Alf Henry Rasmussen, red. (1993). «Oppheim kirke». Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo Forlag. s. 357. ISBN 82-7527-022-7.
{{cite book}}: Cite has empty unknown parameter:|kommentar=(hjelp)
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Om Oppheim sokn på nettstaden til Den norske kyrkja
- Kart frå 1979 som viser soknegrenser og kyrkjestader, på nettstaden til Universitetet i Bergen (Oppheim ligg i venstre skøyten av kartet, sjå òg kartetutsnittet til venstre]
- «Kirkebøker, Hordaland» på nettstaden til Arkivverket Arkivert 2009-03-22 ved Wayback Machine.
- Om Oppheim kyrkje på nettstaden disnorge.no
- Nettstaden til DIS-Norge: Oversikt over gravminne på Oppheim kyrkjegard
- Skanna kyrkjebøker for Oppheim på nettstaden til Arkivverket
- Oppheim kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- «Oppheim kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
