Oppløyfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Oppløyfjorden er ein fjordarm av Foldafjorden i Nærøy kommune i Trøndelag. Fjorden strekkjer seg 5,5 km austover til tettstadane Salsbruket og Oppløy i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Galtneset i nord og Hjelmsøya i sør. Fleire øyar ligg i fjorden, Hjelmsøya er den største med ei lengd på om lag 2,8 km. Aust for denne ligg Storbrandsøya, Litlbrandsøya, Krokøya og Gardsøya.

Oppløyelva munnar ut i fjorden mellom Oppløy og Salsbruket. Riksveg 769 går langs nordsida av fjorden. Koordinatar: 64°47′31.092″N 11°47′27.877″E