Oppløysingsevne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Oppløysingsevne for eit optisk system som ein kikkert eller mikroskop er den minste avstanden to punkt kan ha frå kvarandre viss bileta av dei skal kunne oppfattast som åtskilte. Oppløysingsevna er avgjort av storleiken på det diffraksjonsbiletet som blir danna når eit punkt avbildast og kan aldri bli vesentleg mindre enn bølgjelengda til lyset. For auget er oppløysingsevna ca. 0,1 mm.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]