Opplysningsvesenets fond

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Opplysningsvesenets fond er ein av dei største grunneigarane i Noreg. Fondet eig m.a. 45 prestegardar, 440 prestebustader, store (900 000 dekar) skogareal og om lag 11 500 festetomter.

Opplysningsvesenets fond skal tilgodesjå kyrkjelege føremål i samsvar med Grunnlovas paragraf 106 og ein eigen lov om Opplysningsvesenets fond. Fondet er eit sjølvstendig rettssubjekt som eig både dei eigedomane fondet består av og finanskapitalen på ca. 1,5 mrd. kroner.

Opplysningsvesenets fond er underlagt Kultur- og kyrkjedepartementet og blir forvalta av eit eige forvaltningsorgan.

Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.