Oppreisten i Białystokghettoen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Oppreisten i Białystokghettoen var eit opprør i ghettoen i den polske byen Białystok mot dei tyske nazistane under andre verdskrigen. Opprøret var organisert av Antyfaszystowska Organizacja Bojowa (polsk for Den antifascistiske militærorganisasjonen).

Til februar 1943 var det ca 15 000 menneske som framleis budde i denne ghettoen. Nazistane planla å utslette ghettoen i februar, men på grunn av utbrot av væpna motstand blant innbyggjarane vart planen utsett. Men deportasjonane til konsentrasjonsleirane heldt fram som vanleg.

Utslettinga av ghettoen vart starta på ny i august. Natta til 16. august 1943 starta fleire hundre jødar ein væpna oppstand mot dei styrkane som heldt på med utslettinga av ghettoen.

Partisanane var leidde av Mordechaj Tanenbaum og Daniel Moszkowicz, og var væpna med berre ein maskinpistol, fleire dusin pistolar, Molotov-cocktails og flasker med syre. På same måten som oppreisten i Warszawaghettoen i april same året hadde opprøret i Białystokghettoen heller ingen sjanse til militær suksess. Men det vart sett på som betre å døy i kamp enn i tyske dødsleirar.

Kampar i isolerte motstandslommer varte i fleire dagar. Leiarane for kampen gjorde sjølvmord etter at dei ikkje hadde meir ammunisjon igjen til å halde fram striden.

Dei fleste jødane frå ghettoen vart sende til leirane Treblinka, Majdanek eller Auschwitz. Ca 1 200 barn vart sende til Theresienstadt og sidan derifrå til Auschwitz.

Fleire dusin partisanar klarte å bryte seg ut til skogane rundt byen der dei slutta seg til partisan-einingane der. Somme av desse overlevde krigen. Det er rekna ut at berre nokre hundre av dei 60 000 jødane som budde i Białystok før krigen overlevde Shoah.

Kjelde: Den engelskspråklege wikipediaen, art. Białystok Ghetto Uprising, lesen 14. juli 2008.