Oppstadvev

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rekonstruert oppstadvev i Arkeologisk museum i Castello Sforzesco i Milano i Italia.
Foto: Giovanni Dall'Orto
Rekonstruksjon av ein vertikal neolittisk vevstol med garnhovler. Nasjonalt museum for tekstilindustrien i Sliven i Bulgaria

Oppstadvev, oppstadgogn (av norrønt uppstaða, «det å stå oppreist» og gogn, «reiskap») eller grenevev er ein urgammal type vevstol som er kjend frå arkeologiske funn frå heile Europa. Det mest typiske er at veven står oppreist mot ein vegg, og at renningstrådane blir stramma med lodd. Ein reknar med at vevar som dette har eksistert frå steinalderen, fleire tusen år før Kristus. I Noreg var denne typen vev framleis i bruk midt på 1900-talet, med den sterkaste tradisjonen innan sjøsamisk kultur der vevtypen var knytt til greneveving.

Øvst på veven ligg den vassrette tøybommen som renninga er festa til. Renninga blir halden stram med fritthengande vevlodd, kljåsteinar. Det heile blir bore av ståande stolpar som ofte er sette opp mot ein vegg. Ofte har veven ei enkel form for skaft og hovler. Renningstrådane blir bunta og kljåsteinane blir bundne til desse.[1] Vevinga skjer ovanfrå og ned. Ein har funne restar av oppstadvevar i arkeologiske funnstader frå steinalderen i Sentral-Europa. Oppstadveven er avbilda på keramikkgjenstandar frå bronsealderen i Hellas og var vanleg i heile Europa. Kljåsteinar frå bronsealderen er kjende frå arkeologiske funn mange stader, m.a. frå Hellas, England og Noreg.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kvinner som vever i eit romersk hus. Frå rekonstruert interiør i friluftsmuseet i Niewmegen.
Oppstadvev med garnhovler i Sentrale tektilmuseum i Łódź i Polen.
Rekonstruksjon av ein vertikal neolittisk vevstol utan hovler, utstilt på Piatra Neamţ museum
Kljåstein av kleberstein, arkeologisk funn frå Fløystad i Arendal. Kljåsteinane er dei delane av ein oppstadvev som kan finnast igjen som eit arkeologisk funn. Tilhøyrar KUBEN i Arendal.
Foto: Karl Ragnar Gjertsen

Oppstadveven har truleg opphavet sitt i yngre steinalder. Dei tidlegaste spora av oppstadvev stammar frå område som tilhøyrer Starčevo-kulturen i moderne Serbia og funn frå slutten av yngre steinalder i Sveits.[3] Denne typen vevstol blei brukt i det gamle Hellas, og har etterpå spreidd seg mot nord og vest i heile Europa.[4] Vevtypen var mykje brukt blant folk i Skandinavia.[4] Av ukjente grunnar mista oppstadveven populariteten sin og forsvann frå vanleg bruk i Europa.[4] Han blei fortrengd av mekanisk meir avanserte vevtypar og etter kvart av industrielle veveri.

Oppstadveven var lengst i bruk i Skandinavia, særleg i samisk kultur, der han blei brukt til å laga ein type ullteppe, greier. I 1947 dokumenterte Anna Grostøl med filmopptak bruken av den samiske greneveven i Olderdalen og Mandalen i Lyngen i Troms. Dette arbeidet blei halde fram på 1950-talet av konservator Marta Hoffman ved Norsk Folkemuseum. Ho fortsette arbeidet med dokumentasjon blant samane i Nord-Noreg og Finland, og fann òg oppstadveven i bruk på ei isolert øy i Hordaland.[5]

I dag blir oppstadveven berre brukt til hobbyverksemd og i kulturvernssamanheng innan samekulturen.[6] Han er òg erstatta av ein meir moderne variant som minner om ein oppreist flatvev, då med ein tøybom nede og garnbom på toppen. Vevinga skjer nedanfrå og opp og det er lettare å veva med lang renning. Ein kan veva det same i ein flatvev og ein moderne oppstadvev. Oppstadveven gir likevel ei betre oversyn ved biletveving, og tar vesentleg mindre plass enn flatveven.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Oppstadvev blir brukt i tilnærma vertikal posisjon, og stoffet blir vove ovanfrå og nedover. Ein startar med å fletta eller veva på bandvev ein ekstra tjukk innslagstråd. Denne blir bunden opp langs øvre bom og dannar tredje jare til vevstykket, noko som er særeige for mange vevstykke frå oppstadvev. Renninga blir folda over denne jaretråden og lagd i dobbel lengde. Ein alternativ måte å laga øvre renning på er å veva med innslagstråd som renning i ein liten grindvev eller brikkevev. Då bruker ein ferdig renningstråd som innslag. Med det blir danna ein ferdig jarekant med den framtidige renninga ut på ei side. Annankvar renningstråd blir leidd bak nedre bom, skillebommen, og blir knytt opp i vevlodda. Dei mellomliggande renningstrådane blir leidde tilsvarande framom. Når renninga no heng fritt, blir det danna eit skilje. For å auka vevehastigheten er det plassert eit skaft midt på veven. Skaftet ligg inn mot ramma på to Y-forma knaggar. Frå skaftet er det knytt opp garnhovler til bakre renning. I utgangsstilling påverkar ikkje hovlene renninga og ein legg inn den fyrste innslagstråden som blir slått inn. Deretter blir skaftet løfta opp i Y-en. Den barke renninga blir dermed trekt fram, ein får motsett skilje og ein kan slå inn neste innslag. Oppstadvev skil seg noko frå flatvev ved at han har eit skilje ope i utgangsstilling. Ein del kallar derfor skaftkjeppane for halvskaft. Likeeins tel dei forskjellige vevarane tal skaft på litt forskjellige måtar. Med fleire skaft kan ein veva meir kompliserte mønster. Alternativt kan ein plukka renninga og laga biletmønster.

Dersom ein vever med lang renning, blir renninga lagd på bakken under lodda eller blir vikla opp på desse. Når vevaren har nådd botnen av tilgjengeleg renning, må den ferdige vara rullast opp på tøybommen og lodda bli knytte ned. På ein meir moderne vev utan lodd, men med renning og tøybom, kan dette gjerast enklare.

På gamle greske vasemåleri ser ein ofte vevarar, gjerne to kvinner, som arbeider side ved side i vevstolen. Dette er uvanleg fordi dei fleste andre vevstolar krev ei kvilestilling, ståande eller sitjande.[6] Det er dermed vanskelegare å vera to. At ein fritt kan gå frå side til side gjer det lettare å veva store tøybreidder, gjerne større enn det som er praktisk i ein flatvev.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Burnham 1980
  2. Gleba, Margarita og Joanne Culter.
  3. Barber 1991
  4. 4,0 4,1 4,2 Crowfoot 1936
  5. Hoffmann 1974, pp. 1-2
  6. 6,0 6,1 Carroll 1983

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Petty, Christina (2014). Warp Weighted Looms: Then and Now Anglo-Saxon and Viking Archaeological Evidence and Modern Practitioners. University of Manchester. 
  • Crowfoot, Grace (1936). «Of the Warp-Weighted Loom.». The Annual of the British School at Athens 37: 36–47. doi:10.1017/s0068245400017950. 
  • Hoffman, Marta (1974). The Warp-Weighted Loom. ISBN 82-00-08094-3. 
  • Hákonardottir, Johnston, Juuhl (2016). The Warp-Weighted Loom. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Oppstadvev