Oppstanden i Wien i 1934

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frå Oppstanden i Wien i 1934

Oppstanden i Wien i 1934, også kjend som Den austerrikske borgarkrigen (Österreichischer Bürgerkrieg) og Februaroppstanden (Februarkämpfe), var kamphandlingar mellom austerrikske sosialistar på den eine sida og konservativ-fascistiske på den andre. Oppstanden fann stad frå og med 12. februar til og med 15. februar 1934, hovudsakleg i Wien, Graz, Bruck an der Mur, Judenburg, Wiener Neustadt og Steyr.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Den austerrikske arbeidarrørsla stod sterkt da Habsburgregimet i Austerrike-Ungarn braut saman i 1918, på slutten av første verdskrigen. Den venstresosialistiske «austro-marxistiske» fløya fekk leiinga i det sosialdemokratiske partiet SDAP (Sozialdemokratische Arbeiterpartei[1]). Blant desse var Otto Bauer sentral.

SDAP stod sterkast i Wien og andre større byar, men mykje svakare i småbyane og på landsbygda, der katolske høgrekrefter rådde.

Som fleirtalsparti i «Raude Wien» gjennomførte SDAP eit til da eineståande sosialt reformprogram, med omfattande sosial bustadbygging, fri utdanning for alle og mange andre sosiale velferdstiltak, alt finansiert av progressive skattar som først og fremst måtte betalast av dei rike i byen.

Men høgresida, med Det kristeleg-sosiale partiet i spissen, bygde opp ein væpna milits dei kalla Heimwehren («Heimeverna»), som blei godt væpna og etter kvart fekk eit klart fascistisk program, med open brodd mot parlamentarisme og demokrati.

Arbeidarrørsla hadde au eit forsvarskorps, kalla Schützbund («Verneforbundet»), men det var dårlegare væpna.

Som ein forløpar for det som hende i 1934, var det i 1927 ei hending der Heimwehr-folk drap ein gammal mann og eit barn utan at dei blei dømde i den etterfølgjande rettssaka. Da gjekk arbeidarane ved fleire fabrikkar i Wien til streik, og dei demonstrerte mot frifinninga. Men politiet skaut mot demonstrantane, 85 blei drepne og nesten fem hundre såra. Dette skjedde den 15. juli 1927.

I mars 1933 stengde den borgarlege Dollfuß-regjeringa parlamentet, og styrte deretter ved dekret. Ein serie med dekret innskrenka demokratiet og dei sosiale rettane til arbeidarklassen stadig meir. Schützbund blei forbode, streikeretten avskaffa, kommunistpartiet KPÖ gjort ulovleg, lova om normalarbeidsdagen fjerna, støtta til dei arbeidslause redusert.

1934[endre | endre wikiteksten]

Først på året 1934 begynte politiet å ta våpna frå Schützbund-medlemmene rundt om i landet. Men da politiet prøvde å bryte seg inn i kontora til SDAP i Linz tidleg på dagen den 12. februar 1934, gjorde kontorpersonalet motstand.

Nyheita om det som var i ferd med å skje i Linz spreidde seg til Wien, der arbeidarane igjen gjekk til streik. SDAP erklærte generalstreik, og det blei snart streika i alle større byar. Snart braut det også ut kampar, men mange av våpna til Schützbund var allereie tatt av politiet, så statsmakta og høgremilitsen hadde stort overtak.

I Wien var motstanden mot politi, hær og Heimwehren hardast. I somme bydelar kjempa arbeidarane i fire dagar før dei måtte gi seg for overmakta. Dei nye arbeidarbustadene blei skotne på med kanonar av hæren.

Den 15. februar var kampane over.

Otto Bauer måtte flykte frå landet, og søkte tilflukt i Tsjekkoslovakia, der utanlandsorganisasjonen til dei austerrikske sosialistane blei bygd opp. Dei radikaliserte SDAP-medlemmene i eksil kalla seg elles Revolutionäre Sozialisten.

Om lag 300 arbeidarar var drepne og fleire tusen såra. Fleire av dei tilfangetatte motstandskjemparane blei avretta etter standrett i dagane som følgde. Alle organisasjonane til arbeidarrørsla blei forbodne. Mange av leiarane i arbeidarrørsla blei sende til nyoppretta konsentrasjonsleirar, til dømes Wöllersdorf.

Det var eit halv-fascistisk system som blei innført av dei borgarlege i Austerrike i 1934, det er blitt kalla «Austro-fascisme». Samanslutninga med Nazi-Tyskland (Anschluss) kom i 1938, men sjølve diktaturet var etablert alt i 1934, og berre arbeidarrørsla gjorde aktivt motstand mot det.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. (Partiet skifta i 1945 namn til Sozialistische Partei Österreichs SPÖ, og heiter no Sozialdemokratische Partei Österreichs SPÖ).