Opptaksbuss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein av opptaksbussane til BBC.
Miksepult i ein opptaksbuss.

Opptaksbuss er ein buss eller skåpbil innreidd som lyd- eller fjernsynstudio og nytta for feltopptak av musikk, reportasjar, osb. Avhengig av kva slags utstyr som er installert kan storleiken variera frå ein stor varebil til ein semitrailer.

Utstyr[endre | endre wikiteksten]

Utstyret i bussen kan vera tilpassa opptak av lyd eller både lyd og video, men det er ofte installert ei eller anna form for miksepult og høgtalarar. På grunn av at rommet er lite er ikkje akustikken optimal. Dette gjeld spesielt i bassområdet. Det er difor vanleg å nytta små høgtalarar som ikkje går så djupt i bassen. Den kjendte minihøgtalaren LS3/5A vart opphavleg konstruert for å nyttast som monitorhøgtalar i små rom som opptaksbussar[1].

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Harwood, H.D., Watton, M.W. og Mills, R.W., The design of the miniature monitoring loudspeaker type LS3/5A, BBC research report RD 1976/29, okt. 1975.