Opptog

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Opptog i Høyanger i 1965 ved Norsk Aluminium Company sitt 50-årsjubileum.

Opptog er ei gruppe folk som følgjer ei rute ved eit særskild høve, til dømes ei feiring, ei høgtid eller anna markering. Meir formelle opptog kan ein kalla paradar eller prosesjonar. Opptog kan utførast av visse grupper, som barn, militære, medlemmer av laug, fagforeiningar eller andre lag, som kan eller marsjera sjølve, ri på dyr eller førast framover av ulike fargreier. Flagg, faner og figurar er vanlege å ha med for å markera høvet. Ved nokre opptog er dekorerte vogner, bilar eller lasteplan ein viktig del. I tillegg til det visuelle har lydar som rop, song, musikk og perkusjon gjerne også ein plass i opptoget.

Opptog kan finna stad ved ei rekkje ulike høve, som festivalar, karneval og andre religiøse høve, nasjonaldagar, sigrar, jubileum og liknande offisielle merkedagar, markeringar som første mai, kvinnedagen eller pridefestivalar, eller ved meir private tilstellingar som bryllaup og festar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]