Optisk prisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av ordet, sjå prisme.
Dispersjon av kvitt lys i eit prisme

Innan optikk er eit prisme eit transparent optisk element med flate sider som bryt lys. Den mest kjende forma har tre sider og blir brukt for å dele opp det kvite lyset i dei ulike fargane, men andre former blir brukt for å |reflektere lyset (til dømes i ein kikkert) eller for å polarisere lys.

Dispersjonen i ulike vinklar kjem av at brytingsindeksen til glaset er avhengig av bølgjelengder. Ved såkalla normal dispersjon er brytingsindeksen større for blått lys enn for dei lengre bølgjelengdene i det grøne og det raude. Forklaringa er at det blå ligg nærare glaset sine absorpsjonsresonansar i det ultrafiolette området.