Oradea
Oradea | |||
---|---|---|---|
Oradea vert populært kalla «den gule byen» | |||
| |||
Plassering | |||
| |||
Styresmakter | |||
Land | ![]() | ||
Fylke | Bihor | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
111,2 km² | ||
Innbyggjarar[1] - Totalt (2007) - folketettleik - Storbyområde |
205 077 1 844,2 /km² 260 000 | ||
Koordinatar | Koordinatar: | ||
Høgd over havet | 142 moh | ||
Tidssone - Ved sommartid |
EET (UTC+2) EEST (UTC+3) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 3700 | ||
Retningsnummer (tlf) | +40 02 59 | ||
Bilnummer | BH | ||
Nettstad: www.oradea.ro |
Oradea (/o'ra.děa/; ungarsk Nagyvárad; tysk: Großwardein, tyrkisk Varat; jiddisk גרויסווארדיין) er hovudstaden i Bihor fylke i Crişana i Romania. Byen ligg tett attved den ungarske grensa og har om lag 205 000 innbyggjarar, medan storbyområdet om lag har 260 000 innbyggjarar. Oradea er ein av dei mest velståande byane i Romania.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Oradea har ei historie som går tilbake til ei borg som vart bygd her på 900-talet. Bispedømet her vart grunnlagt på 1000-talet av kong Ladislaus I av Ungarn. Byen vart først nemnd i eit dokument i in 1113 under det latinske namnet Varadinum. Byen blømde på 1200-talet. Festninga Oradea, som det framleis finst ruinar av i dag, vart først nemnd i 1241 under den mongolske invasjonen av Europa. 1300-talet var den mest velståande perioden for byen. Det vart reist statuar av St. Stefan, Emeric og Ladislaus. Biskop Andreas Báthori (1329-1345) bygde opp at katedralen i gotisk stil.
I 1474 vart byen rasert av tyrkarane. Først på 1500-talet byrja Oradea å utvikle seg til eit urbant område. På 1700-talet planla ingeniøren Franz Anton Hillebrandt frå Wien byen i barokkstil, og frå 1752 vart mange av landemerka i byen bygd, som den romersk-katolske domkyrkja og bispepalasset.
Etter Det osmanske riket invaderte Ungarn på 1500-talet vart byen i periodar styrt av Fyrstedømet Transilvania, Det osmanske riket og Habsburgmonarkiet. I 1598 vart festninga omleira, og 27. august 1660 fall Oradea til tyrkarane og vart eit eyaletsenter kalla Varat. Byen vart sett fri av austerrikarane i september 1692.
Mot slutten av den første verdskrigen vart Oradea, trass i den ungarske majoriteten, gjeve til Kongedømet Romania utan folkeavstemming. I 1940 vart nordlege delar av Transilvania, inkludert Oradea gjeve tilbake til Ungarn, men dette varte berre til slutten av den andre verdskrigen då landområda vart gjeve tilbake til Romania.
I 1925 fekk Oradea kommunestatus, og han fekk namnet Oradea-Mare (Stor-Oradea).
Det har gjennom lange tider vore etniske spenningar i området, men i dag lever desse etniske folkegruppene fredeleg side om side.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
