Oranienburg
| Oranienburg | |||
| by | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Stat | Brandenburg | ||
| Areal | 163,66 km² | ||
| Folketal | 48 492 (31. desember 2023) | ||
![]() Oranienburg 52°45′16″N 13°14′13″E / 52.754444444444°N 13.236944444444°E | |||
| Wikimedia Commons: Oranienburg | |||
Oranienburg er ein by og ein kommune i forbundslandet Brandenburg i Tyskland, 35 kilometer nord for sentrum av Berlin. Kommunen, som hyser administrasjonen i Landkreis Oberhavel, har 48 000 ibuarar og dekker 163,7 km².
Soge
[endre | endre wikiteksten]Byen Bochzowe fekk byrettar i 1232 og voks ved av handel med fisk og landbruksvarer. Frå 1483 heitte byen Bötzow. Under trettiårskrigen vart byen plyndra og brent ned. I 1646 sette den lokale herskaren i gang byggjinga av Schloss Oranienburg og bynamnet vart endra til Oranienburg.
I 1930-åra vart byen eit symbol på det tyske terrorstyret, ettersom nazi-partiet her bygde ein av dei fyrste konsentrasjonsleirane. Erich Mühsam vart drepen i den leiren. Seinare vart konsentrasjonsleiren Sachsenhausen oppretta i utkanten av Oranienburg.
Fysikaren Walther Bothe var frå Oranienburg.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Oranienburg» frå Wikipedia på tysk, den 27. oktober 2024.
