Oransje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Oransj)
Oransje
 

HTML-farge#FF6600
sRGBB  (rgb)(255, 102, 0)
CMYKH   (c, m, y, k)(0, 60, 100, 0)
HSV       (h, s, v)(24°, 100%, 100%)
B: Normalisert til [0–255] (byte)
H: Normalisert til [0–100] (hundre)

Oransje, branngul eller raudgul er ein farge som inngår i fargespekteret. Ein reknar den oransje delen av spekteret omtrent frå 590 til 625 nanometer og har farge som skalet på ein appelsin. Ordet kjem frå fransk orange, som kan bety både 'appelsin' og 'oransje farge'. Det er henta frå italiensk arancia som igjen har ordet frå arabisk, persisk og opphavleg frå sanskrit.[1]

I estetikken er oransje rekna til dei varme fargane. Oransje er ein sekundærfarge som ein får ved å blanda primærfargane gult og raudt.

Oransje som symbol[endre | endre wikiteksten]

I nasjonal symbolikk kan oransje brukast for å markera tilhøyrigheit til Holland og Nederland. I Nord-Irland er den nederlandske nasjonalfargen blitt brukt av unionsvennlege protestantar til minne om Vilhelm av Oranien. I Ukraina blei fargen frå presidentvalkampmaterialet til Viktor Jusjtsjenko symbolet på den fredelege revolusjonen i landet. I Israel tok jødiske nybyggjarar i bruk fargen frå «den oransje revolusjonen» i Ukraina som symbolfarge i si kamp mot flytteplanane til Sharon-regjeringa.

Oransje er den offisielle fargen til Liberaldemokratene i England, dei konservative partia Partido Popular i Spania og sosialdemokratane i Portugal, og hindunasjonalistane Bharatiya Janata Party (BJP) i India.

Buddhistmunker i theravada-tradisjonen ber ofte safran- eller oransjefarga tøy.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «oransje» i Nynorskordboka.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Oransje