Orbiter Processing Facility

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Romferja Columbia vert taua inn inngangen til OPF-3 .

Orbiter Processing Facility er namnet på tre hangarar ved John F. Kennedy Space Center i Florida, der romferjene vert haldne vedlike mellom romferdene.

Romferja Atlantis inne i Orbiter Processing Facility 1 for å klargjerast til ferda STS-114.

Etter at ei romferje har kome attende etter ei romferd, vert ferja taua til ein hangar. Last og utstyr nytta i den førre ferda vert fjerna og romferja vert testa og får vedlikehald. Varmeskjoldet vert inspisert og skadde blokker vert skifta ut. Deretter vert nyttelasta til neste romferd installert og klarert, før romferja vert frakta vidare til Vehicle Assembly Building for vidare prosessering.

Det er tre OPF-hangararar: OPF-1 er tildelt romferja Atlantis, OPF-2 er tildelt romferja Endeavour medan OPF-3 er tildelt romferja Discovery.