Orcadas-basen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 60°44′25″S 44°44′33″W
Orcadas-basen
stasjon
none  Orcadas-basen, 26 desember 1996.
Orcadas-basen, 26 desember 1996.
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
Stad Sør-Orknøyane
 - høgd moh
 - koordinatar 60°44′25″S 44°44′33″W
Administrert under Antarktistraktaten
Orcadas-basen is located in Antarktis
Orcadas-basen (Antarktis)
Wikimedia Commons: Orcadas Station

Base Orcadas er ein argentinsk-stasjonen i Antarktis og den eldste stasjonen i Antarktis som framleis er i drift. Han ligg på Laurie Island i Sør-Orknøyane (spansk Islas Orcadas del Sur), 4 meter over havet og 170 meter frå kysten. Sidan 1904 har basen vore permanent bemanna og han er ei dag ein av seks argentinske heilårsstasjonar. Han var òg den første permanente busetnaden i Antarktis.

Den næraste hamnbyen er den argentinske byen Ushuaia, som ligg 1502 km unna. Basen har 11 bygningar og det vert drive forsking innan fire hovudområde: glasiologi, seismologi, sjøis (sidan 1985) og meteorologiske observasjonar (sidan 1903).

Orcadas var den einaste stasjonen på øyane i 40 år, før britane oppretta ein liten sommarbase der, Signy-stasjonenSigny Island. Han hadde òg den første radiotelegrafen på kontinentet i 1927. Dei 11 bygningane på stasjonen husar opp mot 45 menneske om sommaren og i snitt 14 om vinteren.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1903 oppretta Den skotske nasjonale antarktisekspedisjonen leia av William Speirs Bruce oppretta Omond House, ein meteorologisk stasjon på Laurie Island. I løpet av ekspedisjonen vart mannskapet fast i isen og kom seg ikkje unna og vart fanga ved stasjonen for vinteren.

Bruce drog frå stasjonen i desember det året mot Buenos Aires for å reparere skipet og hente forsyningar, og let meteorologen Robert C. Mossman få ansvaret for basen og held fram med observasjonane.

Bruce tilbaud for president Julio Argentino Roca å overføre stasjonen og instrumenta til Argentina for ein sum på 5000 pesos, mot at forskinga på stasjonen vart halde fram..[1] Han tilbaud òg å frakte det utpeikte personellet attende til stasjonen.

«Scotia» segla attende til Laurie Island den 14. januar 1904 og hadde med seg argentinarane ombord. I 1906 sendte Argentina ut melding om at dei hadde oppretta ein permanent base på Sør-Orknøyane. Den 26. august sendte britane eit letter til utanriksministeren Manuel Montes de Oca og minna han på at Sør-Orknøyane var britiske. Den britiske haldninga var at argentinarane berre hadde løyve til å vere der i eitt år. Den argentinske regjeringa ignorerte meldinga og rekna ho som utdatert.[1]

Den 30. mars 1927 oppretta Emilio Baldoni oppretta den første radiotelegrafsambandet med Usuahia. Fram til då hadde Orcadas-basen vore isolert frå resten av verda utanom dei årlege forsyningane.

Stasjonen var underlagt jordbruksdepartementet fram til den argentinske marinen tok over basen den 3. mars 1951.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Under Köppen si klimaklassifisering har stasjonen eit tundraklima.

Årlege middeltemperatur målt på Orcadas-basen, 1901–2007

Vêrrekordar

  • Maksimumstemperatur: +15,2 °C
  • Minimumstemperatur: -44,0 °C
  • Gjennomsnittleg luftfukt: 86%
  • Middelvindstyrke: 4,6 m/s
  • Middellufttrykk: 992 hPa

Middeltemperaturar

  • Varmaste månad (februar): 1,3 °C
  • Kaldaste månad (juli): -8,9 °C
  • Årleg: -4.2 °C

Normalnedbør

  • Våtaste månad (mars): 59,4 mm
  • Tørraste månad (desember): 33,8
  • Årsmiddelnedbør: 485,8 mm
  • Dagar med snøfall per år: 227

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Escude, Carlos; Cisneros, Andres. «Historia General de las Relaciones Exteriores de la Republica Argentina» (på spansk). http://www.ucema.edu.ar/ceieg/arg-rree/7/7-107.htm. Henta July 6, 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]