Orcus Patera

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Orcus Patera fotografert av Mars Express
Datagenerert perspektivsyn på Orcus Patera
Høgdene til Orcus Patera og lendet kring
Sandformasjonar i eit nedslagskrater i Orcus Patera

Orcus Patera (latin for Orcusfatet) er eit søkk på Mars med ein storleik på 380 × 140 km orientert i retninga nordnordaust–sørsørvest. Det ligg mellom vulkanane Elysium og Olympus Mons.

Opphavet er uvisst, men det kan vera eit nedslagskrater som vart danna ved at ein mindre lekam slo inn i Mars med ein spiss vinkel; kan henda mindre enn fem grader frå det vassrette. Andre mogelege opphav er vulkanisme og deformering eller nedsliting av eitt eller fleire nedslagskrater.

Kanten til Orcus Patera når 1 800 meter over dei kringliggjande slettene. Botnen når tilsvarande 400 til 600 meter under lendet kring.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]