Hopp til innhald

Ordspel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Teikning i Punch frå 1913 med tittelen «KLEPTOROUMANIA», eit ordspel på kleptomania og Romania. Han viser til Den andre balkankrigen, der kong Carol I av Romania stel Sør-Dobrudja frå tsar Ferdinand av Bulgaria.

Ordspel er eit språkleg humoristisk eller retorisk verkemiddel som gjev bruk av ord med lik eller liknande utforming og ulike tydingar.[1][2] Innan retorikk har ordspel nemninga paronomasia.[3][4] Ordspel kan byggja på homofonar, homografar, metonym eller biletleg språk.

Ordspel går langt tilbake i tid. Den romerske dramatikaren Plautus var kjend for sine mange ordspel.[5][6] William Shakespeare nytta flittig ordspel, med rundt 3000 av dei i verka sine.[7] Dei blir også mykje nytta i slang.[8]

Nokre kjende ordspel er frå pave Gregor I, som på 500-talet skal ha sagt Non Angli, sed angeli (‘ikkje anglarar, men englar’), eller meldinga sir Charles Napier skal ha sendt etter at han erobra Sind: Peccavi, latin for 'eg har synda' eller på engelsk I have sinned.[7]

  1. «ordspill». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 28. juni 2020.
  2. Kazhdan, Alexander (2005). «Pun». The Oxford Dictionary of Byzantium (på engelsk) (Oxford University Press). ISBN 978-0-19-504652-6. doi:10.1093/acref/9780195046526.001.0001/acref-9780195046526-e-4583.
  3. Baldick, Chris (23. juli 2015). «pun» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-871544-3. doi:10.1093/acref/9780198715443.001.0001/acref-9780198715443-e-942.
  4. «paronomasia», rhetoric.byu.edu, henta 7. oktober 2021
  5. John Pollack (14. april 2011). The Pun Also Rises. Penguin Publishing Group. ISBN 978-1-101-51386-6.
  6. Fontaine, Michael (2010). Funny Words in Plautine Comedy. Oxford University Press.
  7. 1 2 Butterfield, Jeremy, red. (17. september 2015). «pun». Fowler’s Concise Dictionary of Modern English Usage (på engelsk) (Oxford University Press). ISBN 978-0-19-966631-7.
  8. «Pennal, tredress eller trefrakk?», Språkrådet (på norsk bokmål), henta 7. oktober 2021

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]