Ordtak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ordtøke)
Ordtaket «Eg vil heller bu med løver og drakar enn ei ond kvinne» frå den apokryfiske visdomsboka Siraks bok, gjengjeve i ein tysk biletbibel frå 1751.
Mange ordspråk stammar frå kjende historier. «Å gjere nokon ei bjørneteneste» vil seie å skade den ein vil hjelpe. Det ordspråkliknande uttrykket stammar frå Jean de La Fontaines fabel om bjørnen som drap herren sin då han ville slå i hel ei fluge på nasen hans. Illustrasjonen er av Gustave Doré.
«Å rette bakar for smed», er eit uttrykk for å gje feil person skulda, og stammar frå Johan Herman Wessel (1742-1785) sitt dikt Smeden og Bageren. Her er ei scene frå diktet illustrert av Theodor Kittelsen.
Ordspråk finst over heile verda, teksten her viser det kinesiske ordspråket Bing feng san chi, jue fei yi ri zhi han, det vil seie «Tre fot is kjem ikkje etter éin dags kulde».
Il faut hurler avec les Loups- «Ein får tute med dei ulvane som er ute».
Både Forkynnaren og Ordstøka i Bibelen inneheld visdomsord tillagt kong Salomo. Bildet viser eit sitat frå Forkynnaren 10, 8 gjengjeve i ein tyskspråklig biletbibel frå 1751: Den som grev ei grav, kan sjølv detta nedi; den som riv ein mur, kan ormen bita.

Ordtak, ordspråk eller ordtøke er korte, velformulerte og poengterte setningar som på ein konkret måte uttrykkjer livsvisdom, allmenngyldige sanningar, røynsler, levereglar eller vurderingar av forskjellig slag. Omgrepet «ordtak» vert særleg brukt om folkelege uttrykk utan kjend forfattar. Dei kan vere internasjonale, nasjonale og regionale, og finst i ei nærast uendeleg mengd og variantar. Ordtøke vert rekna som ein del av folkediktinga, og gir uttrykk for kultur og verdisyn i ei folkegruppe.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Ordspråka representerer ein svært gammal og populær tradisjon, og ei stor mengd ordspråk, òg dei vi bruker i dag, kan sporast attende til India og høgkulturane rundt Eufrat og Tigris for fleire tusen år sidan. Det same gjeld for det gamle Egypt og Hellas, der blant andre filosofen og vismannen Anakharsis blei berømt for ordspråka sine. Bibelen har mange ordspråk, særleg i boka Salomos ordtøke i Det gamle testamentet. Dei jødiske samlingane Talmúd og Midrasj er fulle av ordtak og ordspråkliknande levereglar og praktiske råd. I oldtida kunne vismenn ha slik visdomsdikting innan denne litterære sjanger som leveveg, og mange bibelord blei difor nedteikna som ordspråk. Vi kjenner òg ei mengd latinske motto og ordspråk frå Romerriket, både omsetjingar og nye. Norrøn visdomsdikting finst i rikt monn i Den eldre Edda, blant anna i Håvamål.

I mellomalderen kom det ei rekkje ordspråk til Spania og Europa frå arabarane. Då blei ordspråk brukt i homiliar og preiker for å understreke moralske poeng. Den engelske poeten Geoffrey Chaucer (1343-1400) brukte derimot ordspråk humoristisk.

Ordtak finst i rikt monn over heile verda. Ofte er dei ein del av den munnlege forteljartradisjonen og kan innehalde forklåringar av naturfenomen, skikkar og sedar.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Både form og innhald i ordspråka femner vidt. Det kan vere praktiske råd og fornuftige levereglar, allmenne vurderingar og religiøse pålegg uttrykt som vakker poesi eller kvikk satire. Dei fleste vitnar likevel om ein munnleg forteljartradisjon. Dei er korte, velklingande og lette å hugse. Mange ordspråk vender seg dessutan direkte til tilhøyraren, dei er poengterte sitat frå forteljingar eller heile historier fortalte i ei kort setning.

Som skaldekunst og anna dikting inneheld ordspråka fleire diktarlege og språklege verkemiddel. Særleg vanleg er samanlikningar og metaforar, bokstavrim (brende barn skyr elden), oppattak og rytme. Andre retoriske og metriske greip kan vere bruk av hyperbol, besjeling, paradoks, ordspel og tropar, særleg i nyare sitat og aforismar.

Ordspråka fortel ikkje berre om menneskelivet og naturen, men òg om historie, kultur og skiftande skikkar. Svært ofte tek dei utgangspunkt i ein situasjon som er lett å kjenne att. Dei fortel noko generelt i form av eit konkret bilete eller handling. Likevel kan gamle ordtak vere vanskelege å forstå når tidene endrar seg. Somme blir òg forvanska, som for eksempel «Morgenstund har gull i munn» (frå tysk Morgenstunde hat Gold im Munde), som er kjend frå før 1600-talla. Det skal visstnok ha oppstått som ei feiltolking av den latinske auroraen, det vil seie morgonroda, som aurum in ore, altså «gull i munn». Tilsvarande er det med munnhellet «ugler i mosen», som betyr noko mistenkjeleg eller truande, ei språkleg mistyding av det danske «ulve i mosen», det vil seie «ulvar i myra».

Utanlandske eller framand ordspråk og ordtak som er mindre kjende, kan verke særleg treffande fordi dei blir opplevde som friskare og mindre klisjefylte. Når for eksempel omgrepet heimlengt vert biletgjort med det persiske munnehellet «slik elefanten draumar om India», vil mange i Noreg oppleve dette som spesielt poetisk og spanande.

Ordtak og munnhell[endre | endre wikiteksten]

I Norske Ordsprog skil Ivar Aasen mellom fullkomne ordtak, fullstendige uttrykk som gjev ei sjølvstendig meining utan å trenge noka vidare forklåring (til dømes «Alderen gløymer ikkje mannen»), og ufullkomne ordtak, som treng ein kontekst for å gje meining (til dømes «Han har mange jarn i elden»). Ufullkomne ordtak, eller munnhell, nemner ofte opphavsmannen, og slike vert kalla «hermestev» eller «hermer». Innhaldet i eit fullkomme ordtak er gjerne ein viss observasjon eller ei røynsle, framsagt med så få ord som råd, i ei form som festar seg i minnet, og som kan takast opp att utan forandring. Det inneber at ordtaka ofte har god ordrytme, rim, helst då bokstavrim, og ei dobbel tyding som både gjeld bokstavleg og biletleg.[1]

Ordspråk i litteratur og kunst[endre | endre wikiteksten]

Pieter Bruegel den eldre måla i 1559 Nederlandske ordtak, eit bilete som illustrerer over 80 vanlege ordtak og talemåtar i samtida. Mange av desse finst enno på norsk, til dømes å væpne seg til tennene (detalj nr. 22), å falle mellom to stolar (30) og å kaste pengar ut av vindauget (60).

Mange kjende forfattarar har late seg inspirere av enkeltordspråk og ordspråk som litterær sjanger. Dei har sitert gamle ordtak direkte, skrive dei om eller funne på nye i gammal stil. Enkelte har òg basert forteljingar og songar på innhaldet i kjende ordspråk. Den nederlandske diktaren Jacob Cats (1577-1660) skreiv til dømes folkelege, moralske ordspråk og anna som blei svært populært i samtida si. Russaren Ivan Krylov (1769-1844) skreiv folkelege, ofte satiriske fablar bygde over russiske ordspråk, populære historier som fekk tyding for russisk språk. Alfred de Musset (1810-1857), fransk romantisk forfattar, utgav på 1830-talla fleire komediar under namnet Proverbes («ordspråk»), eit ord som på den tida òg vart brukt om ein dramatisk sjanger. I nyare tid har den tyske poeten Franz Mon (1926-) brukt bitar av ordspråk, sitat og talemåtar i den såkalla konkrete poesien sin. Det same gjeld nigerianaren Gabriel Okara som i 1964 gav ut romanen Voice der han leikar med afrikanske ordspråk og anna. I moderne norsk kan diktaren Georg Johannesen (1931-2005) nemnast. I Danmark laga Piet Hein (1905-1996) sin eigen ordspåksjanger gjennom sine «gruk», rima, poengterte smådikt.

Fleire sitat frå kjende litterære verk har gått inn i språket som ordtak. I den engelskspråklege kulturen blir særleg verselinjer av William Shakespeare (1564-1616) ofte sitert. I Noreg er Henrik Ibsen (1828-1906) den forfattaren som blir oftast sitert. Skodespela hans har gjeve oss munnhell som «Evig eies kun det tapte», «Om jeg hamrer eller hamres, - likefullt så skal der jamres» og «Tar De livsløgnen frå et gjennemsnittsmenneske, så tar De lykken fra ham med det samme».

Dei alvorlege ordspråka har òg blitt parodiert i ironiske nyskapningar - «betre å vere frisk og rik enn sjuk og fattig.»

Eksempel på ordspråk[endre | endre wikiteksten]

  • Augo er det fyrste ein vert blind på
  • Betre liten fisk på borda enn ein stor i fjorda.
  • Det er ikkje gull alt som glimrar.
  • Førstemann til mølla får først male.
  • Graset er alltid grønare på den andre sida av gjerdet.
  • Ikkje sel skinnet før bjørnen er skoten.
  • Dess fleire kokkar, dess meir søl.
  • Kjøp ikkje katta i sekken.
  • Små gryter har òg øyro.
  • Smi mens jarnet er varmt.
  • Tomme tønner romlar mest.
  • Å tale er sølv, å teie er gull.

Eksempel frå Salomos ordspråk i Bibelen[endre | endre wikiteksten]

Tallause bibelord er gåtte inn som ordspråk i den kristne og jødiske verda. Salomos ordtøke i Bibelen er berre bygd opp av faste munnhell. Her er nokre formaningar om latskap:

  • Gå til mauren og bli vis! (Etter Ordt 6,6)
  • Fattig vert den som er lat i sitt arbeid, men strevsam hand gjer rik. (Ordt 10,4)
  • Som ein gullring i eit grisetryne er ei fager kvinne utan vit. (Ordt 11,22)

Eksempel på latinske ordspråk[endre | endre wikiteksten]

  • Aegiptus est Nili donum - Egypt er Nilens gåve
  • A puro fonnete defluit aqua purra - av reine kjelder spring reint vann
  • Absque argento omnia vatna - utan pengar er alt ubrukeleg
  • Acerba sunn bella fratrum - brør kjempar utan medkjensle
  • Amor tussisque non celantur - kjærleik og hoste kan ikkje skjulast

Eksempel frå Håvamål i Edda[endre | endre wikiteksten]

Norrøn visdomsdikting er representert i Den eldre Edda, ei samling oldnordiske gude- og heltedikt som blei nedskrivne på Island på 1200-talet. Edda inneheld blant anna Håvamål, det vil seie «den høge sin tale», der guden Odin gjev gode råd og levereglar. Særleg rommar ordspråkdikta i Håvamål visdomsord og sentensar om etikk og livsyn i eldre tider. Nokre døme herifrå er[2]:

  • Betre byrdi du ber kje i bakken enn mannvit mykje. Med låkare niste du legg kje i veg enn ovdrykk med øl.
  • Eit lite bu er betre enn inkje, heime er kvar mann herre. Hjarta bløder, når beda du skal om mat til kvart eit mål.
  • Døyr fe; døyr frendar; døyr sjølv det same. Men ordet om deg aldri døyr, vinn du eit gjetord gjævt.

Eksempel frå Peder Laales Ordsprog[endre | endre wikiteksten]

Ordspråka frå Peder Laales samling av latinske og danske ordspråk frå 1300-talet inneheld gamle fellesnordiske talemåtar og ordtak som stadig er i bruk. Eksempla her er framstilte i nyare dansk språkdrakt:

  • At give dårer råd, er som at slå koldt vand på en gås.
  • Barn skal krybe før det nemmer at gå.
  • Den skal have stærke ben, der skal bære gode dage.
  • Dåren lader ord gå ind ad det ene øre og ud af det andet.
  • Mange bække små gør en stor å.

Eksempel frå Peder Syvs Almindelige danske Ordspog[endre | endre wikiteksten]

Den danske presten og språkforskaren Peder Pedersen Syvs klassiske Almindelige danske Ordspog, som kom i to band i 1682 og 1688, inneheld både danske og norske ordspråk:

  • Mange bekke og smaa gjøre en stoor aa.
  • Det stille vand har dend dybe grund.
  • Smaa børn smaa sorger, store børn store sorger.
  • Liden tue velter et stort læs.
  • Døden er ende paa visen.

Norske ordspråk samla av Ivar Aasen[endre | endre wikiteksten]

Ivar Aasen gav ut samlinga Norske Ordsprog med utgåver frå 1856 og 1881. Med samlinga ville han auke vørdnaden for allmugen ved å vise fram noko av visdomen i folkedjupet.

  • Fer Fenden ein Finger, so tek han heile Handi.
  • Eldste Minni vara lengst.
  • Han lyt skreppa sjølv, som heve laake Grannar.
  • Godt Lag gjerer stuttare Dag.
  • Kjærleiken ser ikkje alltid etter Venleiken.

Ordspråksamlingar[endre | endre wikiteksten]

Heilt sidan visdomslitteraturen i oldtida har ordspråk vore populære i talar, forteljingar og i daglegspråket. Diktarar og forfattarar har skrive og spreidd nye ordspråk samtidig som folkeminnegranskarar og andre har samla inn og utgjeve både klassiske og folkelege ordspråk.

Ordspråksamlingar blei utgjeve med særleg iver frå 1500-talet, delvis på grunn av auka interesse for folkedikting, og sidan som ledd i styrkinga av dei europeiske nasjonalstatane frå 1700- og 1800-tala. Dansken Peder Laale samla alt på midten av 1300-talet nesten 1200 nordiske ordspråk og talemåtar, og skreiv dei ned både på dansk og latin. I Noreg utgav språkforskaren Ivar Aasen Norske Ordsprog først i 1856, seinare ei omarbeidd og meir folkeleg utgåve i 1881. I Finland samla mellom andre Henrik Florinus (1633-1705) og i Sverige Richard Dybeck (1811-1877) inn ordspråk.

Kjende ordspråksamlingar[endre | endre wikiteksten]

Det har dei siste hundreåra blitt utgjeve svært mange samlingar med ordspråk og sitat på forskjellige språk, til dømes:

  • ca. 1150-1180: The Proverbs of Alfred - ei av dei tidlegaste engelske ordspråksamlingane
  • 1500-talet: Erasmus: Adagia
  • 1506: Peder Laale: Parabolae - den første trykte utgåva av Laales samling av danske og latinske ordtak frå 1350-talet
  • 1549: Engelske ordspråk samla av John Heywood
  • 1578: Engelske ordspråk samla av Florio
  • 1604: Chr. Grubb: Svenske ordsedher (og seinare Penu proverbiale)
  • 1682-1688: Peder Pedersen Syv (1631-1702): Almindelige danske Ordsprog
  • 1685: Daniel Arnold: Sententiae proverbiales
  • 1732-1757: Poor Richard's - velkjend nord-amerikansk almanakk med ordspråk utgjeven av Benjamin Franklin
  • 1807: Lars Rhodin: Samling af svenska ordspråk
  • 1830: Gudmund Jönsson: Safn af islenzkum oröskvidum - islandske ordspråk
  • 1840: H. Reuterdahl: Gamla ordspråk på latin och swenska
  • 1841: Leroux de Lincys Le livré des proverbes franpais
  • 1842: Elias Lönnrot: "Sananlaskut, finske ordspråk
  • 1845: Nikolai Grundtvig (1783-1872): Danske ordsprog og mundheld
  • 1850: Kr. Molbech: Danske ordsprog
  • 1856: Ivar Aasen (1813-1896): Norske ordsprog - fleire seinare utgåver, sist 1993
  • 1856: Jens Andreas Friis (1821-1896): Lappiske sprogprøver - en samling af lappiske eventyr, ordsprog og gaader, med ordbog
  • 1857-1886: K. Strömbäck: Svenskt-nordiskt ordspråks-lexikon - svenske ordspråk samanlikna med nordiske, engelske, franske, italienske, latinske og greske ordspråk.
  • 1858-1866: Harrebomée: Spreekwoordenboek - nederlandske ordspråk
  • 1862: Vladimir Ivanovitsj Dal: Det russiske folks ordspråk
  • 1863-1880: Wander: Deutsches sprichwörter-lexikon, fem bind med 45 000 tyske og 15 000 utanlandske parallellordspråk
  • 1865: Den svenska ordspråksboken
  • 1869: Harald Valdemar Rasmussen (1821-1891): Danske ordsprog
  • 1869: William C. Hazlitt: English proverbs and pro-verbial phrases - berømt samling engelske ordspråk
  • 1879: Edvard Mau (1808-1885): Dansk ordsprogskat - ordspråk, skjemtespråk, munnhell, talemåtar og tankespråk
  • 1889-1994: Ax. Kock og K. af Petersens : Östnordiska och latinska medeltids-ordspråk
  • 1923: Sigurd Nergaard: Eventyr, barnevers, spurningar og ordspraak : Folkeminne fraa Østerdalen 3, utgjeven av Norsk folkeminnelag (NFL ; 7)
  • 1929: Peder Laale: Danske ordsprog - ny utggåve av Lales ordspråksamlinger fra 1300-talet
  • 1941: Knut Liestøl: Norsk folkedikting IV : rim, gåter, ordtøkje
  • 1944: Ragnvald Mo: Eventyr og segner. Barnerim, ordtak og gåter. Folkeminne frå Salten 2 (NFL ; 54)
  • 1960/62: Einar Seim: Ordtøkje og herme 2 bind (NFL 84 og 89)
  • 1965: The Book of Proverbs - berømt engelsk samling redigert av Paul Rosenzweig
  • 1969: Bengt Holbek og Iørn Piø: Allverdens ordsprog
  • 1970. The Oxford Dictionary of English Proverbs - engelsk samling redigert av W. G. Smith og F. P. Wilson
  • 1983: Snorre Evensberget og Dag Gundersen: Bevingede ord - norsk, revidert utgåve av ei dansk bok, 12 000 oppslagsord
  • 1988: Reidar Th. Christiansen: Gamle visdomsord : norske ordsprog i utvalg - ny utgåve 1988
  • 1996: Brikt Jensen: Ordspråkleksikon
  • 1999: Weiert Martin Velle: Dyrene i ordspråk og andre talemåter frå 1999
  • 2004: Harald Gaski: Tiden er et skip som ikke kaster anker, samiske ordtak
  • 2005: Ole Knudsen: Ordsprog fra hele verden - 10 000 ordspråk på dansk frå heile verda

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Ordtak
Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Ordtak

Det er elles mange nettstader på internett som lister opp ordtak og sitat på forskjellige språk.

På norsk[endre | endre wikiteksten]
På andre språk[endre | endre wikiteksten]

Kjelder og referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Avsnittet byggjer på Ivar Aasen: Norske ordsprog, 2. utg. 1881
  2. Asbjørn Villum: Poesi og prosa Gyldendal norsk forlag 1968