Oreadeinka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oreadeinka
Oreadeinka
Oreadeinka
Utbreiing og status
Status i verda: EN Sterkt trugaUtbreiinga av Oreadeinka
Utbreiinga av Oreadeinka
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Seglarfuglar Apodiformes
Familie: Kolibriar Trochilidae
Underfamilie: Lesbiinae
Stamme: Heliantheini
Slekt: Coeligena
Art: Oreadeinka C. orina
Vitskapleg namn
Coeligena orina

Oreadeinka, Coeligena orina, er ein nyleg anerkjent kolibriart i den biologiske slekta Coeligena. Arten har utbreiing i nordvestre Colombia, avgrensa til høgtliggande grenseområde mellom Antioquia-departementet og Chocó-departementet, samt i fjellsidene av Cerro Montezuma i Risaralda-departementet.

Dette er ein stor kolibriart, ca. 14 cm i kroppslengd og 7 gram i masse. Fjørdrakta er generelt mørk grøn, og undersida lysare metallisk grøn, drakta åt hannfuglen har ein iriserande blå strupeflekk og iriserande panneflekk som kan veksle frå grønblå til gyllengrøn. Hofuglar har noko lysare drakt med kanelgul strupe og ho manglar panneflekken. Begge kjønn har svart, litt kraftig rettpeikande nebb.

Habitatet ligg mellom 2500 og 3500 moh. i páramoøkosystem, elfinskog og dels i høgvaksen fuktig skog. Som andre kolibriar et dei nektar, men ein har funne at dei òg tar insekt og kongroer.

Storleiken på populasjonen er estimert til mellom 70 og 400 individ totalt innanfor dei to kjente leveområda, og han er minkande. Arten er kategorisert som kritisk truga av BirdLife International.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Oreadeinka