Orestien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Orestien
Ὀρέστεια

Forfattar(ar)Aiskylos
Språkgamalgresk
Tilverting5. hundreåret f.Kr.
Sjangergresk tragedie
Uroppføring458 f.Kr.
Clytemnestra nøler før ho drep den sovande Agamemnon.
Orestes vert jaga av erinyene. William-Adolphe, Bouguereau,1862.

Orestien er ein trilogi av tragediar av den greske antikke forfattaren Aiskylos. Han består av verka Agamemnon, Sonofferet og Eumenidene, og er den einaste komplette trilogien frå den antikke greske litteraturen som har overlevd til moderne tid. Likevel har satyrspelet som òg var del av verket gått tapt. Orestien vart uroppført ved Dionysosfestivalen 458 f.Kr., der det vann førsteprisen.

Orestien tek for seg ei forbanning som kviler over slekta Atrevs. Det som ytre sett kan sjåast som eit klassisk hemndrama kan likevel òg sjåast som ein metafor for omfattande samfunnsendringar. Stykket skildrar overgangen frå blodhemn til rettargangprinsipp. 40-50 år tidlegare hadde statsmannen Perikles gjennomført ei tilsvarande reform av rettsvesenet i Athen, der ein gjekk bort frå ættebasert blodhemn og over til eit system med ein tredjepart, ein jury beståande av borgarar. Orestien kan òg lesast som ein overgang frå matriarkat til patriarkalske prinsipp.

Argoskretsen[endre | endre wikiteksten]

Ut frå motiva vert dei greske tragediane delt inn i ei avgrensa mengd grupper. Orestien tilhøyrer Argos-kretsen som knyter seg til hendingar rundt kongeslekta i det gamle MykenePeloponnes, kong Atrevs, sønene hans Menelaos og Agamemnon og deira born. Til denne kretsen av drama høyrer i tillegg til Orestien òg Elektra av Sofokles og fire drama av Evripides, Ifigeneia i Aulis, Elektra, Ifigeneia i taurernes land og Orestes.[1] Argoskrinsen er delvis knytt til temaet Trojakrigen sidan dramaet føregår rett etter krigen og med tilvisingar til det som skjedde der. Menelaos som var konge i Sparta og gift med Helena, og Agamemnon, konge i Mykene, var leiarane for det greske felttoget mot Troja. Arkeologiske funn stadfestar at det fann stad ein krig mellom grekarane og trojanarane ca. 1200 f.Kr.

Blant dei andre motivkrinsane reknar ein Teben-kretsen som ein av dei viktigaste og handlar om den tragiske skjebnen til kong Oidipus og hans familie. Også sjølve Trojakrigen var tema for fleire av tragediane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Carl Fredrik Engelstad, forord til Greske dramaer, Gyldendal, 1975

Litteratur på norsk[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Orestien