Organisasjonen Landsbyen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Organisasjonen Landsbyen (skipa 2001) er ein ideell organisasjon som arbeider med å byggje ein landsby i mellomalderstil nær Damtjønna på Gåre i Holtålen kommune. Det starta med at folk tilknytte laivmiljøet i Trøndelag ville lage ein stemningsfull laivstad, men Landsbyen vert i dag brukt til andre kulturformål også. Bygginga går føre seg på dugnad, og eit vald styre står for den daglege drifta. Arbeidet for å byggje opp staden har fått støtte frå Sør-Trøndelag fylke, Sparebank 1 og Sigval Bergesen d.y. og Hustru Nanki`s Almennyttige Stiftelse. Landsbyen har organisasjonsnummer 985600678.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Nettsida til Organisasjonen Landsbyen

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.