Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OTSE)
OSCE logo.svg
Andre namn Organisasjonen for sikkerhet og samarbeid i Europa (OSSE)
Organization for Security and Co-operation in Europe (OSCE)
Skipa 1973 (som KSSE)
Hovudkontor Wien i Austerrike
Generalsekretær Lamberto Zannier[1]
Medlemmer 57 medlemsland, 11 partnarar
Kart over medlemsland i OSSE

Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OTSE eller OSSE, «for sikkerheit») er ein internasjonal tryggleiksorganisasjon som fokuserer på konflikthandtering. OSSE jobbar med å hindra at konfliktar oppstår, meklar i konfliktar som har oppstått og bistår òg med gjenoppbygging etter at ein konflikt er avslutta.

Organisasjonen har 56 medlemsland frå Europa, Sentral-Asia og Nord-Amerika. Han blei grunnlagd med verknad frå 1. januar 1995 som ei forlenging av Helsingforsprossessen, som starta med eit møte i den finske hovudstaden Helsingfors i 1975. Føremålet var å vera ein møtestad for aust og vest under Den kalde krigen.[2]

OSSE har hovudsetet sitt i Wien. Formannskapet roterer mellom medlemslanda, og blir halde av utanriksministeren i det valde landet. Under Kosovokrigen var den norske utanriksministeren Knut Vollebæk formann for OSSE.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Konferansen for tryggleik og samarbeid i Europa (KSSE) var opphavet til OSSE. KSSE blei skipa i 1973 og bar dette namnet fram til namnebytet i 1995. KSSE vart særleg kjend for Helsingfors-konferansen i 1975, som fastslo tesen om at grensene i Europa var ukrenkelege.

demokratiske opposisjonspolitikarar i USA kravde internasjonale valobservatørar under presidentvalet i USA i 2004, blei OSSE invitert til å observera for å sjå at alt gjekk rett for seg under valet.

Under krigen i Donbass i Ukraina frå 2014 tok organisasjonen ei viktig observasjonsrolle.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Secretary General». OSCE.org. 20 June 2011. http://www.osce.org/sg/78779. Henta 18. februar 2015. 
  2. Galbreath, David J. (2007). The Organization for Security and Co-operation in Europe (OSCE). New York, NY: Routledge. ISBN 9780203960943.  Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  3. «Latest from OSCE Special Monitoring Mission (SMM) to Ukraine based on information received as of 18:00 (Kyiv time), 16 February 2015, KYIV» (17 February 2015), OSCE.org

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]