Organisasjonsnummer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Organisasjonsnummer er i Noreg eit ni-sifra registreringsnummer som blir tildelt av Einingsregisteret ved Brønnøysundregistra for ein organisasjon (føretak, idrettslag og liknande). Nummeret blir brukt for å gje organisasjonen og juridiske personar ein unik og eintydig identifikator når det gjeld offentlige styresmakter og andre organisasjonar.[1]

Organisasjonsnummeret skal opplysast om når ein til dømes opprettar ein bankkonto, på salsfakturaer, førespurnader til offentlege styresmakter og økonomiske oppgåver som skal leverast på vegner av organisasjonen.

Det niande sifferet i organisasjonsnummeret er eit kontrollsiffer. Det vil seie at sifferet er tildelt etter ein formel slik at det maskinelt kan reknast ut at det er i samsvar med dei første åtte siffera, for å unngå feilskriving.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «organisasjonsnummer». Det Norske Akademis ordbok. Henta 14. august 2019. 
  2. «Om organisasjonsnummeret». Brønnøysundregistra. 31. januar 2019. Henta 14. august 2019.