Orienteringsfag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Orienteringsfag, gjerne forkorta o-fag, var nemninga på eit tidlegare undervisningsfag i den norske grunnskulen. Faget omfatta lærestoff frå både naturfaglege og samfunnsfaglege emne. Etter læreplanen L-97 frå 1997 vart o-fag til natur-, miljø- og samfunnsfag (NMS) for småskulen, og på mellomtrinnet tok faget natur- og miljøfag og faget samfunnsfag over for o-fag.

Bidrag til bøkene vart gjort av mellom anna Junn Paasche-Aasen.[1]

  1. Kalleklev, Katrine. (2018, 2. april). Junn Paasche Aasen. I Store norske leksikon. Hentet 22. desember 2018 fra https://snl.no/Junn_Paasche-Aasen. "I 1973 designet Paasche-Aasen en serie for O-fag: Myr og tjern. Flere små hefter ble til en større bok, og i 1983 vant hun bronsemedalje i den internasjonale bokmessen i Leipzig."