Orientsongarfamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Orientsongarfamilien


Gulbukskreddarfugl, Phyllergates cuculatus Foto: Lip Kee
Gulbukskreddarfugl, Phyllergates cuculatus
Foto: Lip Kee
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Cettiidae
Slekter
  • Erythrocercus
  • Orientsongarar er ein nyleg anerkjent biologisk familie av små insektetande «songarar», tidlegare plassert i oppsamlingstaksonet Sylviidae. Han samlar dei typiske busksongarar, Cettia, og slektningane deira.[1]

    Medlemmene finst hovudsakleg i Asia og Afrika, med spreiing til Indonesia i søraust og Europa i nordvest. Slekta Cettia har den største utbreiinga i familien, strekkjer seg frå Vest-Europa over Asia til Stillehavsøyane Fiji og Palau. Dei fleste av artane i slekta er standfuglar, men skjelkronestubbstjert er komplett trekkfugl og japansongar og cettisongar er delvis trekkfugl over store delar av utbreiingsområdet sitt. Nokre få artar, slik som lysbeinsongar, er høgdmigrantar.

    Artane er små, butte fuglar. Dei fleste har moderat lange til lange stjertar, unntaka er stubbstjertar og tesiaer som har særs korte stjertar. Med nokre unntak som tesiaer, har fuglane i denne familien lite iaugefallande fjørdrakt, ofte med ei linje over auget.

    Dei fleste lever i kratt og søkjer ofte føde ved klatring tett vegetasjon.

    Innanfor superfamilien Sylvioidea, representerer Cettiidae ei gammal linje. Som gruppe er dei sannsynlegvis nærast Aegithalidae, stjertmeiser.

    Artslista[endre | endre wikiteksten]

    Orientsongarar[2] i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[4]

    Slekt Erythrocercus

    • Rustkroneflugesongar, Erythrocercus mccallii, Chestnut-capped Flycatcher, Cassin, 1855, (LC)
    • Gulflugesongar, Erythrocercus holochlorus, Yellow Flycatcher, Erlanger, 1901, (LC)
    • Gulbukflugesongar, Erythrocercus livingstonei, Livingstone's Flycatcher, Gray, GR, 1870, (LC)

    Slekt Scotocerca

    • Krattsongar, Scotocerca inquieta, Scrub Warbler, Cretzschmar, 1830, (LC)

    Slekt Urosphena

    Slekt Tesia

    • Gråbuktesia, Tesia cyaniventer, Gray-bellied Tesia, Hodgson, 1837, (LC)
    • Skiferbuktesia, Tesia olivea, Slaty-bellied Tesia, McClelland, 1840, (LC)
    • Gråbryntesia, Tesia superciliaris, Javan Tesia, Bonaparte, 1850, (LC)
    • Bruntesia, Tesia everetti, Russet-capped Tesia, Hartert, 1897, (LC)

    Slekt Cettia

    • Kastanjekronesongar, Cettia major, Chestnut-crowned Bush Warbler, Moore, F, 1854, (LC)
    • Gråsidesongar, Cettia brunnifrons, Gray-sided Bush Warbler, Hodgson, 1845, (LC)
    • Raudhovudtesia, Cettia castaneocoronata, Chestnut-headed Tesia, Burton, 1836, (LC)
    • Cettisongar, Cettia cetti, Cetti's Warbler, Temminck, 1820, (LC)

    Slekt Abroscopus

    • Kvitbrynsongar, Abroscopus superciliaris, Yellow-bellied Warbler, Blyth, 1859, (LC)
    • Rustmaskesongar, Abroscopus albogularis, Rufous-faced Warbler, Moore, F, 1854, (LC)
    • Svartmaskesongar, Abroscopus schisticeps, Black-faced Warbler, Gray, JE & Gray, GR, 1847, (LC)

    Slekt Phyllergates

    • Gulbuksongar, Phyllergates cucullatus, Mountain Tailorbird, Temminck, 1836, (LC)
    • Mindanaosongar, Phyllergates heterolaemus, Rufous-headed Tailorbird, Mearns, 1905, (LC)

    Slekt Tickellia

    • Breinebbsongar, Tickellia hodgsoni, Broad-billed Warbler, Moore, F, 1854, (LC)

    Slekt Horornis

    • Ilocanosongar, Horornis seebohmi, Philippine Bush Warbler, Ogilvie-Grant, 1894, (LC)
    • Japansongar, Horornis diphone, Japanese Bush Warbler, Kittlitz, 1830, (LC)
    • Koreasongar, 'Horornis borealis, Manchurian Bush Warbler, Campbell, CW, 1892, (LC)
    • Palausongar, Horornis annae, Palau Bush Warbler, Hartlaub & Finsch, 1868, (LC)
    • Tanimbarsongar, Horornis carolinae, Tanimbar Bush Warbler, Rozendaal, 1987, (NT)
    • Skuggesongar, Horornis parens, Shade Warbler, Mayr, 1935, (LC)
    • Odedisongar, Horornis haddeni, Odedi, Lecroy & Barker, 2006, (NT)
    • Fijisongar, Horornis ruficapilla, Fiji Bush Warbler, Ramsay, EP, 1875, (LC)
    • Crescendosongar, Horornis fortipes, Brownish-flanked Bush Warbler, Hodgson, 1845, (LC)
    • Gråstenksongar, Horornis brunnescens, Hume's Bush Warbler, Hume, 1872, (LC)
    • Gulstenksongar, Horornis acanthizoides, Yellowish-bellied Bush Warbler, Verreaux, J, 1871, (LC)
    • Vulkansongar, 'Horornis vulcanius, Sunda Bush Warbler, Blyth, 1870
    • Gusjesongar, Horornis flavolivaceus, Aberrant Bush Warbler, Blyth, 1845, (LC)

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    Referansar[endre | endre wikiteksten]

    1. Alström, P.; Ericson, P.G.P.; Olsson, U. & Sundberg, P. (2006) Phylogeny and classification of the avian superfamily Sylvioidea. Molecular Phylogenetics and Evolution 38(2): 381–397. doi:10.1016/j.ympev.2005.05.015 PDF-fil
    2. Norsk Ornitologisk Forening, Vedlegg til norske fuglenavn, tabell 3. Publisert 7. august 2014
    3. Schulenberg T. S., M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, T. A. Fredericks, og D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 24. februar 2019 
    4. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]