Orientugle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Orientugle
Orientugle
Orientugle
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Ugler Strigiformes
Familie: Uglefamilien Strigidae
Slekt: Otus
Art: Orientugle O. sunia
Vitskapleg namn
Otus sunia

Orientugle (Otus sunia) er ein ugleart i den biologiske slekta Otus. Ugla har utbreiing i Asia, frå omtrent Islamabad i vest austover langs sørsida av Himalaya over Søraust-Asia og sørlege Kina aust til søraustlege Russland. Fragmentert utbreiing også i India. Populasjonane som hekkar i nordaustlege delar av området overvintrar frå sørlege Thailand til Sumatra.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Orientugle i rustfarga drakt, Assam, India

Orientugla er ei rundt 19 cm lang Otus-ugle som finst i to morfar, ein gråbrun og ein rustfarga fjørdrakt. Ho er streka på over- og undersida, manglar til skilnad frå fleire andre Otus-ugler i utbreiingsområdet den tydelege halskragen og har dessutan tydelege kvite flekker på skulderfjørene. Den rustfarga forma skil seg tydeleg frå dverghornugle, medan den gråbrune er veldig lik, likevel kraftigare teikna både på over- og undersida. Auga er gule nebbet mørkegrått. Populasjonane skil seg noko i utsjånad, der dei på Sri Lanka er mindre og veldig mørke, dei på Nikobarane einskapleg rustfarga heilt utan mørkare teikningar, inklusive andletsskiva.[1]

Orientugla sitt spellæte er eit gjentatt, rytmisk og froskeaktig «wut-chu-chraii», òg «toik toik' to-toik».

Utbreiingsområdet er vidt i sørlege og austlege Asia, her gjeve for dei ni underartane:

  • O. s. japonicus – Japan, delvis trekkfugl
  • O. s. stictonotus – hekkar i søraustlege Sibir til nordaustlege Kina, Sakhalin og nordre Korea; overvintrar frå søraustlege Kina og sør til sørlege Thailand
  • O. s. malayanus – hekkar i sørlege Kina (Yunnan til austre Guangdong); (delvis) flyttfugl som overvintrar sør til sørlege Malayahalvøya og nordre Sumatra
  • O. s. sunia – nordre Pakistan til nordre India og Bangladesh
  • O. s. distans – nordre Myanmar og austre Thailand og dessutan Indokina
  • O. s. rufipennis – sørlege India
  • O. s. leggei – Sri Lanka
  • O. s. modestusAndamanøyane
  • O. s. nicobaricusNikobarane

Orientugla lever i eviggrøn lauvskog og blandingsskog og dessutan i parkar og hagar ved landsbyar i låglandsområde, helst under 1500 moh., men kan leve opptil 2300 moh. mot Himalaya. Føda består hovudsakeleg av insekt og kongroer, men tar òg smågnagarar og småfuglar.

Fuglen legg egg frå midten av februar til månadsskiftet april-mai i India og Pakistan, april-juni i Sibir og Kina, mai-juni i Japan og februar-juni i Søraust-Asia. Hoa legg tre til fire kvite egg i eit holt tre eller i ein mur.

Verdas naturvernunion, IUCN, kategoriserer arten som livskraftig (LC). Verdspopulasjonen har ikkje blitt estimert, men arten blir skildra som vanleg og vidt spreidd.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Holt, D. W., R. Berkley, C. Deppe, P. L. Enríquez, J. L. Petersen, J. L. Rangel Salazar, K. P. Segars, K. L. Wood, og J. S. Marks (2020). Oriental Scops-Owl (Otus sunia),, version 1.0. I Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.orsowl.01
  2. BirdLife International (2021) Species factsheet: Otus sunia. Henta 17. november 2021

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Otus sunia
Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Orientugle