Pirolar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Oriolus)
Pirolar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Pirolfamilien Oriolidae
Slekt: Pirolar Oriolus
von Linné, 1766

Pirolar er ei biologisk slekt Oriolus av 29 trastestore, ofte iaugefallande sporvefuglar, som lever i skogshabitat i den orientalske regionen, Wallacea, Ny-Guinea, Australia, Eurasia og Afrika. Dei er medlem av pirolfamilien, Oriolidae.

Det vitskaplege namnet Oriolus er avleidd frå det klassiske latinske aureolus som betyr 'gyllen'.[1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Kroppslengda for ein medlem av pirolslekta er typisk 24-25 centimeter og med ytterpunkt på 18 og 31 cm. Dei har lange, spisse venger og kraftige nebb. Hos dei fleste av artane har hannane iaugefallande fjørdrakt, mest typisk kraftig gult eller olivengrønt i kontrast til svarte parti på hovud og venger. Arten pirol kan stå som døme på 12 artar med djupgul farge. Gul fjørdrakt er ikkje representert lengst søraust i utbreiingsområdet. Eit par artar har raudt i drakta, mest utprega blodpirol, Oriolus traillii med iriserande, djupraud farge. På Ny-Guinea, øyar i Molukkane og Dei små Sundaøyane er fjørdraktene brune. Det er trudd at pirolar her etterliknar drakta hos munkefuglar, ei slekt av store honningetarar, sannsynlegvis for å redusere aggresjon mot dei mindre pirolane ettersom munkefuglar er aggressive fuglar.[2] Generelt syner artane kjønnsdimorfisme i fjørdrakta slik at hofuglane er lang mindre iaugefallande enn hannar.

Utbreiingsområdet for slekta er i Australia - Ny-Guinea - Wallacea med 8 artar, den orientalske regionen med 11 artar, den afrotropiske regionen med 8 artar og sørvestlege palearktiske regionen med to artar. Yttergrensene i nordvest er sør for Skandinavia og Storbritannia, i nordaust inn i Primorskij kraj i søraustlegaste Russland, i søraust delstaten Victoria, i sør sørlegaste Sør-Afrika. Slekta finst ikkje i område utan skog og har fråvere frå det meste av Kasakhstan, nordlege Kina, Den arabiske halvøya, Sahel og det meste av Afrika nord for Sahel.

Ein trur at slekta først utvikla seg i Australasia, (Australia - Ny-Guinea), og seinare koloniserte Asia og Afrika.[2]

Langt dei fleste artane er nokså stasjonære, standfuglar, men fleire migrerer og fem artar i den orientalske regionen og Eurasia kan karakteriserast som trekkfuglar med arten pirol som eit døme på ein sterkt trekkfugl.

Mange artar er øyartar og endemiske for ei øy. Eit døme frå utkanten av utbreiingsområdet er tjukknebbpirol, Oriolus crassirostris, som er endemisk for São Tomé utanfor Gabon, og har dessutan ei avvikande fjørdrakt. Andre øyendemar finst i Molukkane.

Habitatet til desse artane er knytt til skog, dei lever i utkanten av skog, eller halvopne skogsområde. Pirolar er altetande, men frukt og bær er dominerande.

Ein art, bambuspirolLuzon, var tidlegare trudd å vere utrydda, men er no funnen[3] og vurdert som kritisk truga. Sølvpirol, ein hekkefugl i Kina, er sterkt truga. Raudbrystpirol er ikkje vurdert på grunn av mangel på data.

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Oriolus i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V11.1[4] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[5]

  • Bambuspirol, Oriolus isabellae, Isabela Oriole, Ogilvie-Grant, 1894, (CR)
21–23 cm; små defragmenterte område avgrensa på nordlegaste del av Luzon, Filippinane
  • Serampirol, Oriolus forsteni, Grey-collared Oriole, (Bonaparte, 1850), (LC)
31 cm; øya Sera i Molukkane
  • Burupirol, Oriolus bouroensis, Black-eared Oriole, (Quoy & Gaimard, 1832), (LC)
23-32 cm; Øya Buru i Molukkane
  • Halmaherapirol, Oriolus phaeochromus, Dusky-brown Oriole, Gray, GR, 1861, (LC)
26 cm; øya Halmahera i nordlege Molukkane
  • Tårepirol, Oriolus sagittatus, Olive-backed Oriole, (Latham, 1801), (LC)
25–28 cm; Australia utanom Vest-Australia der det er passande habitat med halvopen skog, Ny-Guinea lengst sør mot Torressundet
  • Timorpirol, Oriolus melanotis, Olive-brown Oriole, (Bonaparte, 1850), (LC)
25 cm; Dei små Sundaøyane
  • Tanimbarpirol, Oriolus decipiens, Tanimbar Oriole, (Sclater, PL, 1883), (LC)
23–32 cm; Wallacea: Tanimbarøyane i Dei små sundaøyane på grensa mellom Bandahavet og Arafurahavet
  • Brunpirol, Oriolus szalayi, Brown Oriole, (Madarász, 1900), (LC)
25–28 cm; Ny-Guinea
  • Grønpirol, Oriolus flavocinctus, Green Oriole, (King, PP, 1826), (LC)
25–30 cm; nordlegaste Australia og Wallacea: avgrensa område på sørlegaste Ny-Guinea, øyar i Bandahavet og Arafurahavet, inkludert Aruøyane
  • Raudbrystpirol, Oriolus cruentus, Black-and-crimson Oriole, (Wagler, 1827), (DD)
21–24 cm; Malayahalvøya, Sumatra, Java og Borneo
  • Svartpirol, Oriolus hosii, Black Oriole, Sharpe, 1892, (NT)
21,5 cm; avgrensa på nordre Borneo
  • Blodpirol, Oriolus traillii, Maroon Oriole, (Vigors, 1832), (LC)
25,5–28 cm; Himalaya, Myanmar, Søraust-Asia, sørvestlegaste Kina, Taiwan, Hainan
  • Sølvpirol, Oriolus mellianus, Silver Oriole, Stresemann, 1922, (EN)
28 cm; hekkar i defragmente delar av sørlege og sentrale Kina, overvintring i defragmente delar sørvestelege i Kambodsja og tilstøytande Thailand
  • Orientpirol, Oriolus xanthornus, Black-hooded Oriole, (Linnaeus, 1758), (LC)
23–25 cm; India, Sri Lanka, Søraust-Asia, avgrensa område på nordaustre Borneo
  • Stripepirol, Oriolus xanthonotus, Dark-throated Oriole, Horsfield, 1821, (NT)
17,5–19 cm; søraust Asia frå Sør-Thailand, Malaysia, vestlege og nordlege øyar i Indonesia, Borneo samt Sulawesi
18-20 cm; austlege Filippinane
  • Tyglepirol, Oriolus albiloris, White-lored Oriole, Ogilvie-Grant, 1894, (LC)
18-20 cm; nordre og sentrale Luzon, Filippinane
  • Grønhovudpirol, Oriolus chlorocephalus, Green-headed Oriole, Shelley, 1896, (LC)
21,5–24 cm; defragmentert i Tanzania, Malawi og Mosambik
  • Jungelpirol, Oriolus brachyrynchus, Western Oriole, Swainson, 1837, (LC)
21 cm; frå Sierra Leone austover til sørlegaste Nigeria og videre til nordlege og sentrale DR-Kongo og inn i vestre Kenya
  • Tjukknebbpirol, Oriolus crassirostris, Sao Tome Oriole, Hartlaub, 1857, (VU)
23-24 cm; São Tomé
  • Savannepirol, Oriolus larvatus, Black-headed Oriole, Lichtenstein, MHK, 1823, (LC)
20-21,5 cm; Angola til Mosambik, Aust-Afrika frå Etiopia til Sør-Afrika
  • Einerpirol, Oriolus monacha, Ethiopian Oriole, (Gmelin, JF, 1789), (LC)
23–24 cm; Etiopia og Eritrea
  • Tåkepirol, Oriolus percivali, Mountain Oriole, Ogilvie-Grant, 1903, (LC)
19,5-21,5 cm; defragmentert i austlegaste DR-Kongo til sentrale Kenya og vestre Tanzania
  • Svartvengpirol, Oriolus nigripennis, Black-winged Oriole, Verreaux, J & Verreaux, É, 1855, (LC)
19-21 cm; Sierra Leone og Liberia til sørlegaste Sør-Sudan, vestlege Uganda, sentrale DR-Kongo og nordvestre Angola
  • Gullpirol, Oriolus auratus, African Golden Oriole, Vieillot, 1817, (LC)
20 cm; smalt belte frå Senegal til vestlegaste Etiopia, Angola til Mosambik
  • Indiapirol, Oriolus kundoo, Indian Golden Oriole, Sykes, 1832, (LC)
24–25 cm; sørlege Kasakhstan og Usbekistan gjennom sentrale Afghanistan til nordlege Pakistan og India, ov vestlege Nepal. Overvintring i India og nordlege Sri Lanka
  • Pirol, Oriolus oriolus, Eurasian Golden Oriole, (Linnaeus, 1758), (LC)
24–25 cm; vestlege Eurasia, overvintring i Afrika sør for Sahara
  • Svartnakkepirol, Oriolus chinensis, Black-naped Oriole, Linnaeus, 1766, (LC)
23–28 cm; austre Kina og Koreahalvøya, litt i sørlegaste Russland, Søraust-Asia, trekkfugl i vestlege India og store delar av Indokina, Nord-Thailand og Bengal
  • Smalnebbpirol, Oriolus tenuirostris, Slender-billed Oriole, Blyth, 1846, (LC)
21–25 cm; austre Himalaya til søraustre Asia

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 284. ISBN 978-1-4081-2501-4. 
  2. 2,0 2,1 Fjeldså, Jon; Christidis, Les; Ericson, Per G. P. (oktober, 2020). The Largest Avian Radiation - The Evolution of Perching Birds, or the Order Passeriformes. Lynx Edicions. s. 140-141. ISBN 978-84-16728-33-6. 
  3. Gamauf, Anita; Tebbich, Sabine (februar 1996). «Re-discovery of the Isabela Oriole, Oriolus isabellae» (PDF). Forktail 11: 170–171. ISSN 0950-1746. 
  4. Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2021. IOC World Bird List (v11.1). doi : 10.14344/IOC.ML.11.1 Henta 7. mars 2021
  5. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Pirolar