Odisha

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Orissa)
Gå til: navigering, søk
Odisha (ଓଡ଼ିଶା oṛiśā)
delstat
none  Jagannath-tempelet i Puri
Jagannath-tempelet i Puri
Land Flag of India.svg India
Hovudstad Bhubaneswar
Folketal 36 706 920
Folketettleik 236 / km²
Grunnlagd 1. januar 1949
Guvernør Rameshwar Thakur
 - Øvste minister Naveen Patnaik
Orissa in India (disputed hatched).svg
Wikimedia Commons: Odisha
Nettstad: http://www.odisha.gov.in

Odisha, tidlegare Orissa, er ein delstat aust i India. Han grensar til delstatane Andhra Pradesh, Chhattisgarh, Jharkhand og Vest-Bengal, og har kyst mot Bengalbukta. Oriya (offisielt stava odia) er offisielt språk og blir tala av rundt 75 % av innbyggjarane i delstaten. Odisha er den 9. største delstaten i India og har det 11. høgaste folketalet.

Dagens delstat blei skipa som provinsen Orissa av britane den 1. april 1936, med Cuttack. Kort tid etter at India fekk sjølvstende, 13. april 1948, blei Bhubaneswar utnemnd til hovudstad. Det offisielle namnet på delstaten blei endra til «Odisha» i 2011.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Orissa celebrates Odisha», indiatimes.com, Nov 5, 2011.
Spire Denne geografiartikkelen som har med India å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.