Orjen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Orjen
fjell
Orjen sett frå nord
Land  Montenegro,  Bosnia-Hercegovina
Fjellkjede Dei dinariske Alpane
Høgd 1 894 moh.
Koordinatar 42°34′N 18°32′E / 42.567°N 18.533°E / 42.567; 18.533
Geologi Glasikarst
Periode Krittida
Kart
Orjen
42°34′08″N 18°32′56″E / 42.568888888889°N 18.548888888889°E / 42.568888888889; 18.548888888889
Wikimedia Commons: Orjen

Orjen er eit fjell av kalkstein i Dei dinariske Alpane i Montenegro. Den høgaste toppen her er Zubački kabao med 1 894 moh. Massivet Orjen ligg nordvest for Risan i Kotorbukta (Boka Kotorska). På toppen av Orjen og dei omliggande ryggane og platåa kan ein tydleg sjå spor etter tidlegare isbredanning. Under den siste istida strakk lange isbrear seg frå Orjen til Kotorbukta og dei omliggande karstslettene (polje), og laga fleire u-dalar i området. Fjellformasjonane er i dag ei blanding av karstlandskap og landskap skapt av isbreane, noko som er unikt i Middelhavsområdet.

Det natur- og kulturhistoriske området i Kotor er på UNESCO si verdsarvliste, og omhandlar området mellom Orjen og Lovćen, inkludert alle dei små landsbyane i Risan- og Kotorbukta. Den naturlege hamna i Kotorbukta har vore folkesett i fleire tusen år. Illyrarar og grekarar koloniserte kysten frå 400 fvt. og etablerte hamnene Risan (Rhizon) og Kotor (Cattaro). På grunn av mangel på drikkevatn vart aldri fjella tett folkesett. Sjølv seint på 1900-talet vart snøflekkar i djupe groper brukt som vasskjelde for enkelte grender. I dag bruker ein i staden brønnar.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Fjellet får store nedbørsmengder i løpet av eit år, enkelte plassar opp mot 5 000 mm i året, mengder som er meir vanleg i tropiske regnskogar enn ved det tørre Middelhavet. Det kjem derfor mykje snø på fjelltoppane, og snøen kan stundom ligge til ut i juni. Sidan Orjen består av kalkstein har dei store nedbørsmengdene danna karstformasjonar i fjella (fjellet er vorte porøst), slik at sjølv om det kjem mykje regn og snø i området så renn det ikkje ned frå fjellet i elvar, men ned i kalksteinen. Mangelen på overflatevatn er med stort sannsyn den største årsaka til den spreidde busetnaden i området. Ein finn fleire tørre elvedalar rundt Orjen. Berre stundom vert desse fylt med vatn då snøsmeltinga skjer samtidig med kraftig regn. Flaum kan vere eit problem, og fleire karstsletter er kjend for langvarige flaumperiodar.

Orjen dekkjer eit område på om lag 400 km² og strekkjer seg 25 km frå Bosnia-Hercegovina i vest til Montenegro i aust. Orjen består av fire høge karstplatå, som er skilt frå kvarandre av ryggar. Tre nesten parallelle ryggar møter kvarandre i Zubački kabao, det høgaste punktet i Orjen. Ryggane som er mot nord er dei høgaste, og skjermar Bijela gora-platået frå middelhavskysten. Dei forskjellige platåa er Krivošije i aust, Bijela gora i nord, og Dobri do og Vrbanj i vest. Det er berre spreidde busetnadar på karstslettene rundt fjellet. Slettene Grahovo, Dragalj, Vrbanj, Krusevica og Grabalj er viktige jordbruksområde, og er dei einaste kommunkasjonslinjene i området. Orjen er ei stor hindring mellom kysten, Herceg Novi og Risan, og dei indre landsbyane Grahovo, Trebinje og Niksic.

Tektonisk er området svært aktivt, og ein har relativt ofte jordskjelv i området. Den adriatiske kontinentalplata søkk under Dei dinariske Alpane, og jordskjelv har stundom til og med danna tsunamiar

Fjelltoppar i Orjen[endre | endre wikiteksten]

Fjelltoppar
Fjelltopp Høgd [m]
Zubački kabao 1 894
Velika Jastrebica 1 864
Buganja greda 1 849
Visoki breg 1 833
Vučji zub 1 802
Borovik 1 777
Međugorje 1 769
Golisevac 1 721
Markov kuk 1 721
Pazua 1 680
Subra 1 679

Kjelde[endre | endre wikiteksten]