Orkana forlag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Orkana forlag AS er eit bokforlag i Stamsund i Lofoten med Oslo-kontor i Industrigata på Majorstua. Forleggjar er Elisabeth Johansen, som skipa forlaget i 1992.

Orkana forlag vart akseptert som poeng-gjevande utgjevar av akademisk litteratur i 2009 (Orkana akademisk), og i samband med dette er det skipa til eit arbeidsutval med representantar frå fleire universitet og høgskular i Noreg.

Orkana forlag gjev òg ut bøker på oppdrag frå verksemder og organisasjonar, eller i samarbeid med verksemder og organisasjonar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]