Orkdalsfjorden

Koordinatar: 63°21′12″N 9°56′4″E / 63.35333°N 9.93444°E / 63.35333; 9.93444
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gjølme ved sida av Orkanger inst i Orkdalsfjorden

Orkdalsfjorden er ein fjordarm av Trondheimsfjorden i Orkland, Skaun og Trondheim kommune i Trøndelag. Fjorden strekkjer seg 17 km sørover til Orkanger i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Geitaneset i vest og Frøset i aust, like vest for Trondheim. Korsfjorden ligg nord for Orkdalsfjorden, medan Flakkfjorden går vidare mot aust. Eit stykke inn i fjorden deler han seg i to. Gaulosen går søraustover, medan Orkdalsfjorden held fram mot sørvest. Gaulosen strekkjer seg inn til Buvika og munningen til elva Gaula. Rett vest for innløpet til Gaulosen ligg bygda Viggja på sørsida av fjorden. Frå her går fjorden vidare søraustover og inn til Orkanger der elva Orkla munnar ut.

Europaveg 39 går langs sørsida av fjorden og inn Gaulosen. Langs heile vestsida går fylkesveg 710.

63°21′12″N 9°56′4″E / 63.35333°N 9.93444°E / 63.35333; 9.93444