Orkla ASA

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Orklakonsernet)
Orkla ASA


Org.formAllmennaksjeselskap
Org.nr.910747711
BransjeKonglomerat, finansielle tenester, industriell produksjon, næringsmiddelindustri
Skipa1904
DotterselskapNidar, Lilleborg as
Eigenandel iThamshavnbanen, Orkla Foods Danmark
HovudkontorOslo
LandNoreg
Produktmat, dagligvare
Grunnleggjar(ar)Christian Thams
StyreleiarStein Erik Hagen
Salsinntekter5 100 000 000 norsk krone (2019)[1]
Omsetnad5 100 000 000 norsk krone (2019)[1]
Resultat3 898 000 000 norsk krone (2019)[2]
Nettstadhttp://www.orkla.com

Orkla ASA (OSE: ORK) er eit av dei største børsnoterte selskapa i Noreg, med verksemd innan kjerneområda merkevarer, spesialmaterialar og finansielle investeringar. Orkla omsette i 2013 for 33 milliardar kroner og hadde 17 000 tilsette.[3] Selskapet har sitt formelle hovudsete i Sarpsborg. Kontor- og administrasjonsadressa er i Oslo.

I dag omfattar Orkla blant anna REC (39,73% eigd av Orkla), Stabburet, Nidar, Lilleborg, Elkem, Sapa og Borregaard. Sommaren 2006 selde selskapet mediedivisjonen sin, Orkla Media, til det britiske selskapet Mecom. Orkla sitt kanskje mest kjende produkt er pizzaen Grandiosa.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Orkla har røtene sine tilbake til gruvedrifta på Løkken Verk i 1654. Det moderne Orkla blei grunnlagt i 1904 av Christian Thams, under namnet Orkla Grube-Aktiebolag. Christian Thams, med Farsund-reiaren Christian Salvesen som finansiell partner, tok opp igjen gruvedrifta på Løkken Verk etter at ho hadde vore nede nokre år. Gruvedrifta på Løkken tok slutt i 1987. Orkla ASA reknar 1654 som stiftingsåret sitt, og feira 350-årsjubileum i 2004.

Nokre av Orkla sine konsernsjefar[endre | endre wikiteksten]

Nokre av Orkla sine styreleiarar[endre | endre wikiteksten]

Marknadsverdi[endre | endre wikiteksten]

Orkla sin marknadsverdi på Oslo Børs var 6. august 2008 oppe i 119 milliardar kroner. Orkla-aksjen blir handla under tickeren ORK.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Annual report 2019». Henta 19. september 2020. 
  2. "Annual report 2019"; side(r): 131; fulltverk tilgjengeleg på: https://annualreport2019.orkla.com/assets/orkla/pdfs/2019/en/Orkla%20Annual%20Report%202019_EN_WEB.pdf.
  3. «Om Orkla», orkla.no. Vitja 15. januar 2015.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]