Orknøyjarlane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Detalj av pergamentside frå folio 101v av GKS 1005 - Flateyjarbók, med teksten: jarl í Orkneyum.

Orknøyjarlane var hovdingar og stormenn som i norrøn tid rådde over øyriket vest i havet. Kjerneområdet deira var Orknøyane og Shetland, men til ulike tider rådde dei òg over deler av «Katanes» (Caithness i Skottland) og «Sudrland» (Sutherland i Skottland), dei skotske øyane, deler av Irland og heilt sør til øya Man.

Mørejarlsætta[endre | endre wikiteksten]

Dei første, kjende orknøyjarlane høyrde til i Mørejarlsætta. Det er ei hypotese at Ragnvald Mørejarl, som ættling i ei «sjøkongeætt» i røynda var arvingen til eit etablert, sjølvstendig sjørike på Orknøyane. Kanskje var ikkje Sigurd jarl den mektige den første orknøyjarlen, men rett og slett berre den første som sogeskrivarane på 1200-talet hadde kunnskap om. Den første som er nemnt i sogene som hadde hadde herredømet over Orknøyane, var Ragnvald Mørejarl (han levde på 800-talet og døydde omkring 892), og dei fleste av jarlane fram til om lag 1231 kunne rekne ætta si attende til han. Det norrøne sogeverket orknøyingasoga vart nedskrive omkring år 1200 og handlar om livet til jarlane i denne perioden:

Jarlane var i tida fram til 1468 ofte underordna kongane i Noreg, men til tider òg kongane i Skottland for områda på det skotske fastlandet. Det er likevel noko uvisst i kor stor grad dei første orknøyjarlane var underlagt norsk herredøme. Den eldste kjelda som gir oss konkret opplysning om dette, er Beretningen om Hamburg stift[1] av Adam av Bremen, der det i tredje bok, kapittel 17, blir sagt at kong Harald Hardråde la under seg øyane i 1066, då han hadde lagt ut på hærferd for å erobre England.

Namn Fødd/død Ætteband Styringsperiode (om lag) Tilleggsopplysninger
Sigurd Øysteinsson
(Sigurðr inn riki)
Døydde i 880-åra bror til Ragnvald Mørejarl 875-880-åra
Guttorm Sigurdsson Døydde i 880-åra son til Sigurd Øysteinsson 880-åra Døydde barnlaus
Hallad Ragnvaldsson
-
- son av Ragnvald Mørejarl Omkring 890
Einar Ragnvaldsson
(Torv-Einar)
død omkring 910/945 Son av Ragnvald Mørejarl før 892-910/945 Halvbror til Gange-Rolv
og Tore Teiande jarl
Arnkjell Einarsson
-
død 954 Son av Torv-Einar med broren Erlend 910-954
med broren Torfinn -954
Fall i slaget ved Stainmore.[2]
Erlend Einarsson
-
død 954 son av Torv-Einar med broren Arnkjell -954
med broren Torfinn -954
Fall i slaget ved Stainmore
Torfinn Einarsson
(Torfinn Hausakljuv)
-963 son av Torv-Einar med broren Arnkjell -954
med broren Erlend -954
aleine 954-963
Engelsk tilnamn:
SkullSplitter
Arnfinn Torfinnsson
-
son av Torfinn Einarsson 963-970-åra Vart drepen på Murkle, Caithness
Håvard Torfinnsson
(den årsæle)
son av Torfinn Einarsson 970-åra Vart drepen på Steinsnes på Rossøy
Ljot Torfinnsson
-
son av Torfinn Einarsson fram til omkring 980 -
Lodve Torfinnsson
-
son av Torfinn Einarsson 980-991 -
Sigurd Lodvesson
(Sigurd Digre)
960-1014 son av Lodve Torfinnsson 991-1014 Fall i slaget ved Clontarf
Sumarlide Sigurdsson
-
son av Sigurd Lodvesson med broren Bruse 1014-1016/1018
med broren Einar 1014-1016/1018
-
Bruse Sigurdsson
-
son av Sigurd Lodvesson med broren Sumarlide 1014-1016/1018
med broren Torfinn til 1031/34
Einar Sigurdsson
(Einar Vrangmunn)
—1020 son av Sigurd Lodvesson med broren Sumarlide 1014-1016/
med broren Torfinn til 1020
Vart drepen av Torkjell Fostre
Ragnvald Brusesson
—1046/47 son av Bruse Sigurdsson med Torfinn Sigurdsson 1036-1046/47 Vart drepen av Torkjell Fostre
Torfinn Sigurdsson
(den mektige)
(den rike)
1009—1065 son av Sigurd Lodvesson med broren Einar 1016-1020
med broren Bruse 1016-1031/34
med brorsonen Ragnvald 1036-1046
aleine 1046-1065
Gift med Ingebjørg, dotter av
Finn Arnesson (jarl i Halland)
Erlend Torfinnsson
-
—1098 son av Torfinn Sigurdsson med broren Pål 1064-1098 Døde i Bergen 1098
Pål Torfinnsson
-
—1098 son av Torfinn Sigurdsson med broren Erlend 1064-1098 Døde i Nidaros 1098
Sigurd Magnusson
(Jorsalfare)
1090-1130 son av Magnus Berrføtt 1098-1103 Norsk konge i tida 1103-1130
Håkon Pålsson
-
1080—1123 son av Pål Torfinnsson med Magnus 1108-1115
Magnus Erlendsson
(den heilage)
1080—1115 son av Erlend Torfinnsson med Håkon 1108-1115
Harald Håkonsson
(Slettmæle)
—1127 son av Håkon Pålsson med Pål 1123-1127
Pål Håkonsson
(Fåmælte)
—1136 son av Håkon Pålsson med Harald 1123-1127
åleine 1127-1136
med Ragnvald 1136
Ragnvald Kale Kolsson
(den heilage)
1100-1158 son av Kol Kalesson åleine til 1136-1138
med Harald Maddadsson 1138-1151
med Erlend 1152-1156
med Harald Maddadsson 1151-1158
Harald Maddadsson
(den gamle)
-1206 son av Maddad, mormaer av Atholl med Ragnvald 1138-1151
Erlend 1153-1156
Harald Eiriksson -1198
åleine -1206
Morfar hans var Håkon Pålsson
Erlend Haraldsson
-
-1156 son av Harald Håkonsson
(Slettmæle)
med Harald Maddadsson
og Ragnvald Kolsson
1153-1156
Harald Eiriksson
(Harald Unge)
-1198 son av Ingrid (Ingegjerd)
og Eirik Stagbrell
med Harald Maddadsson 119?-1198 dotterson til Ragnvald Kale Kolsson
David Haraldsson
-
-1214 son av Harald Maddadsson med Jon Haraldsson 1206-1214
Jon Haraldsson
-
-1231 son av Harald Maddadsson med David Haraldsson 1206-1214
aleine 1214-1231

I 1266 selde kong Magnus Lagabøte Sudrøyane (Hebridane) og Man til den skotske kongen (Perthtraktaten). I 1468 vart Orknøyane pantsett til den skotske kongen av Kristian I av Danmark/Noreg og i 1469 Hjaltland (Shetland). Øyane vart seinare ikkje løyst ut.

Jarletittelen[endre | endre wikiteksten]

Når hovdingane i Mørejarlsætta hadde tittelen «jarl», blir dette ofte sett synonymt med «kongens jarl» - noko som er ei historisk mistolking. «Jarl» er ein eldgamal, sjølvstendig hovdingtittel som truleg er eldre enn konge-tittelen. (Om jarle-tittelen, sjå Norges Historie v/Bugge[3].) Den eldste nemninga blir oftast gitt tydinga «fri mann av god ætt og høg byrd», men ordet skriv seg òg frå stammenamnet heruler[4]. Orknøyjarlane kalla seg opphaveleg for «jarl» fordi det var ein nedarva tittel i deira ætt, til liks med jarlane i Håløygeætta. I styringstida til kong Olav Haraldsson vart det sagt at Orm Eilivsson var jarl og at det skulle vere berre éin jarl om gongen i Noreg. Orknøyjarlane kom ikkje inn under denne «regelen» og vart like fullt kalla jarlar sjølv etter at dei reelt sett vart underordna norske kongar.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Adam av Bremen Beretningen om Hamburg stift Aschehoug (1993) ISBN 82-03-20028-1
  2. "Stainmore, battle of,". Retrieved 27 January 2014.
  3. Alexander Bugge: Norges historie (1910) 1. bind, anden del, s. 122
  4. Etymologisk ordbok Falk og Torp

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]