Orlången

Koordinatar: 59°11′50″N 18°2′30″E / 59.19722°N 18.04167°E / 59.19722; 18.04167
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Orlången
innsjø
Orlången med Sundby gard i bakgrunnen
Land  Sverige
Tilsig Kvarnbäcken
Utløp Orlångsån
Høgd over havet 21.3 moh.
Lengd km
Breidd km
Areal 2,58 km²
Middeldjupn 10,2 m
Volum 12,3 km³
Kystlengd1 23,7 km
Kart
Orlången
59°11′50″N 18°02′30″E / 59.197222222222°N 18.041666666667°E / 59.197222222222; 18.041666666667
Wikimedia Commons: Orlången
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.
Den gamla allén 2008.
Orlången og Flemingsbergsviken mot aust.

Orlången er ein innsjø i Huddinge kommun i landskapet Södermanland i Sverige. Innsjøen inngår i Tyresån-vassdraget, og er den nest største innsjøen i vassdraget.

Natur[endre | endre wikiteksten]

Orlången ligg i Orlångens naturreservat, og er ein næringsrik (eutrof) innsjø. Han har flikete bukter som går i ulike retningar, og er som Drevviken og Magelungen frå gammalt av bukter langs Austersjøen, som gjennom landhevinga no ligg 21 meter over havet. Orlången ligg i eit område der mange sprekkedalar kryssar kvarandre. Naturen rundt innsjøen er vekselvis skog og kulturlandskap.

Friluftsområde[endre | endre wikiteksten]

Rundt innsjøen er det ein promenadesti som går gjennom reservatet. Ved sjøen sin sørvestlege breitt ligg Sundby friluftsområdet til gard, med rideanlegg, lysløyper og ein restaurant. På vinteren blir preparert det skøytebaner, og på sommarhalvåret er det badeplass og robåtutleige der. I Orlången lever det fiskeartar som gjørs, gjedde, åbor, lake, mort og karpe. Det er òg sett ut signalkreps i innsjøen.

Balingsta gard[endre | endre wikiteksten]

Området Balingsta har historie minst tilbake til vikingtida, noko eit lokalt gravfelt stadfestar. Skriftleg er Balingsta nemnt første gongen i 1436 som «Balistadom». Dei noverande bygningane er truleg oppført på slutten av 1700-talet, og alleen frå Lännavägen (Haningeleden vart planta i 1864. I dag er hovudbygningen i privat eige, medan uthusa er eigd av Huddinge kommun.

Balingsta skule[endre | endre wikiteksten]

Det vart drive skule i Balingsta frå 1840 til 1940, i tre skulebygg som har avløyst kvarandre. Skulebygningen på fotoet var i bruk frå 1886 til 1919, og var ved hundreårsskiftet den største skulen i Huddinge sokn med nærare 100 elevar på ein lærar. Undervisinga føregjekk i to grupper med skulegang annakvar veke i seks år. Skulen vart riven i 1920 då han var i dårleg stand.

Balingsta mølle[endre | endre wikiteksten]

Frå Sundby gard kan ein sjå Balingsta mølle (svensk Balingsta kvarn) på ei høgd på motsett side av innsjøen. Vindmølla har stått der sidan 1877, og vart fram til 1895 nytta av Balingsta gard. Før den tida hadde garden ei bekkekvern. Møllen på Ballingsta er ein såkalla hollender, som tyder at ein kunne vri overdelen av vengjene etter vindretninga. Etter 1895 forfall kverna, men ho vart restaurert med mellom anna nye vengjer i 1971.

Flemingsbergsviken[endre | endre wikiteksten]

Flemmingsbergviken er ei bukt i Orlången, med eige reinseanlegg. Flemingsbergsviken ligg i ein sprekkedal, og er eit populært område for fuglar, flaggermus og augestikkarar. Flemingsbergsviken har promenadevegar langs breidda av innsjøen, og er eit populært friluftsområde.

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

59°11′50″N 18°2′30″E / 59.19722°N 18.04167°E / 59.19722; 18.04167