Orlando di Lasso

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Orlande de Lassus)
Orlando di Lasso

Fødd1532
FødestadMons i Belgia
Død14. juni 1594
DødsstadMünchen i Hertugdømet Bayern
OpphavHabsburg Netherlands
SjangerRenessansemusikk, vokalmusikk
Verka somKomponist
BornRegina av Lasso, Ferdinand av Lassus, Rudolph av Lasso
PrisarDen gylne spores orden

Orlando di Lasso, òg Orlande de Lassus, Orlandus Lassus, Roland de Lassus og Roland Delattre, (fødd 1532 i Mons i Dei burgundiske Nederlanda, død 14. juni 1594 i München i Hertugdømet Bayern) var ein fransk-flamsk komponist frå høgrenessansen.

Han vert i dag rekna som hovudrepresentanten for den mogne polyfone stilen som kjenneteiknar den siste aktivitetsfasen til den flamske skulen, og i lag med Palestrina og Victoria ein av dei mest kjende og viktige musikarane i Europa på slutten av 1500-talet.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Tidlege år[endre | endre wikiteksten]

Komponisten Orlando di Lasso

Lasso vart fødd i Mons i grevskapet Hainaut som ligg i dagens Belgia. Truleg var han fødd inn i enkle kår då fødeåret ikkje er 100% sikkert fastslått – folk frå høgre sosiale lag heldt gjerne styr på fødedatoen. Sjølv oppgav Lasso til vanleg 1532 og det blir rekna som meir sannsynleg enn alternativet 1530.[1] Det er heller ikkje kjent noko sikkert om foreldra hans og det finst ikkje prov på at han var korgut ved kyrkja Saint-Nicolas-en-Bertaimont i Mons sjølv om ein ikkje-stadfesta myte hevdar at han som gut vart kidnappa tre gonger på grunn av den vakre songstemma si.[1] To gonger skal han ha vorte henta attende til foreldra, men den tredje gongen kom han ikkje tilbake: Lasso sin første biograf, Samuel Quickelberg, fortel at Lasso som 12-åring gjekk i teneste hos den mantovanske adelsmannen Ferrante Gonzaga som var i Nederlanda sommaren 1544. Truleg følgde Lasso med han til Mantova same året. Ferda gjekk vidare til Sicilia seint i 1545 og til Milano i 1547. Her var han til 1549 og vart mest truleg kjend med madrigalisten Hoste da Reggio som var leiar for dei musikalske institusjonane Ferrante Gonzaga til ei kvar tid heldt seg med.[1] Lasso vart godt kjend med den verdslege musikken til adelen og ikkje minst vand med å te seg i hoffkretsar. Dei talrike reisene gjennom Italia saman med tenesteherren gjorde at Lasso fekk god kjennskap til italiensk folkemusikk og improvisert commedia dell'arte og etter kvart vart han inspirert til å forsøke seg på sine første komposisjonar.

Dei første postane[endre | endre wikiteksten]

Med stemmeskiftet mista han jobben som songar hos Gonzaga, men komposisjonane var blitt lagd merke til i adelskrinsar og han hadde skaffa seg gode kontaktar, så i 1549 fekk han seg ein ny tenesteherre i Costantino Castrioto i Napoli. Han budde i hushaldet til Marchese della Terza og fekk no full innføring i samfunnslivet i renessansen. Det humanistiske idealet til folk med omfattande utdanning, «akademi» (lærde krinsar der det vart oppført teaterstykke med musikk), liv og dans på stranda, improvisert gatemusikk, gateteater i Napoli – alle desse inntrykka saug Lasso til seg og dei fekk stor innverknad på komposisjonane hans. Han fekk òg ein omfattande kjennskap til litteratur og snakka flytande tysk, italiensk, fransk og latin.

Seinare flytte Orlando til Roma, der han arbeidde for Cosimo I de' Medici, storhertug av Toscana. I 1553 fekk han posten som maestro di cappella ved Basilica di San Giovanni in Laterano etter Paolo Animuccia – ein særs prestisjefylt post for ein 21 år gammal mann; to år etter han var slutta fekk den langt eldre Palestrina same posten. Lasso var i stillinga eit drygt år før han reiste til sine sjuke foreldre, berre for å finne at begge allereie var døde då han nådde fram. Kva han gjorde i tida rett etter er usikkert, men han kan ha vitja England og Frankrike i lag med diplomaten, eventyraren og songaren G.C. Brancaccio.[1]

Tidleg i 1555 var han attende i Antwerpen. Det er ikkje kjend at han hadde noka offisiell stilling her, men han knytte gode kontaktar, til dømes med musikkutgjevarane Tielman Susato og Jean de Laet og fekk sin første utgjeving, ei samling madrigali, vilansche, canzoni francesi e mottetti for fire songstemmer. I 1556 gav han ut den første boka med fem- og sekstemmige motettar; det ser ut til han venta med å gje ut noko før han hadde samla opp ei større mengd verk.[1] Dei til saman om lag 100 einskildtrykk av motettar, madrigalar og chansons han publiserte i Antwerpen og Venezia gjorde han raskt internasjonalt kjend.

München[endre | endre wikiteksten]

Den unge hertug Albert V av Bayern vart no oppmerksam på Lasso. På den tida konkurrerte dei europeiske fyrstane om det meste, og det å ha det beste musikkmiljøet var viktig for prestisjen dei i mellom. I 1556 gav hertugen Lasso eit økonomisk freistande tilbod om tilsetjing som tenorsongar i kapellet sitt, og Lasso aksepterte dette. Hertugen ville gjere kapellet meir «flamsk», og fleire andre flamske songarar kom til i løpet av 1556–1557. Flamlendarene hadde lenge vore dominerande i europeisk musikk, og truleg prøvde hertugen å løfte kapellet, som han meinte hadde vorte for provinsielt tysk, opp på eit nivå meir likt dei han fann i Italia.[2] Lasso likte seg godt blant dei andre flamlendarane i München, og valde å slå seg til ro der. Løna hans tok til å stige dei neste åra, og sjølv om han var oppført som cantor og tenor 2us i dokumenta til hoffet så seint som i 1568, stod han oppført som maestro di cappella ved det bayerske hoffet på tittelsida til Libro quarto de madrigali (1567). Sannsynlegvis tok han over leiinga av orkesteret allereie då Ludwig Daser pensjonerte seg i 1563.[2] Lasso var kapellmeister hos Albert V og arvingen Vilhelm V i 30 år, heile resten av livet hans.

Lasso hadde ansvar for messene til morgongudstenestene og skreiv musikk for statsvitjingar, bankettar, jaktselskap og privat kammermusikk. Han følgde hertugen på reiser og reiste sjølv rundt i Europa på leiting etter musikarar, og bygde opp ein av dei viktigaste musikkkapella i Europa: i 1550 hadde hoffkapellet 19 musikarar, i 1569 var dei 63. I tillegg hadde han overoppsyn med musikkutdanninga av korgutane som til alt overmål levde i hushaldet hans. Dessutan hadde han ansvar for prøvene med musikarane, for notekopiering og sannsynlegvis for samlinga av utgjeve musikk i biblioteket til hertugen.[2] For å rekke over alt dette starta han arbeidsdagen klokka fire om morgonen.

I 1558 gifta Lasso seg med Regina Wäckinger, dottera til ein bayersk hoffrepresentant. Ekteskapet var særs lukkeleg, ikkje minst fordi den jordnære og praktisk anlagde Regina var ein motvekt mot den temperamentsfulle ektemannen. Det eksakte tale på barn er ikkje kjend, men tre døtrer og fem søner er skriftleg dokumentert. Alle sønene vart musikarar, to av dei – Ferdinand (ca 1560–1609) og Rudolph (ca 1563–1625) – vart sjølve komponistar som i tur og orden arva faren sine postar. Sonen til Ferdinand, som òg heitte Ferdinand (1592–1630), representerte familien ved kapellet så seint som i 1629.[2]

Lasso byrja å verte ganske vidkjend utover i 1650-åra og komponistar tok til å reise til München for å studere hos han. Andrea Gabrieli deltok i det bayerske hertugkapellet under kroninga av keisar Maximilian II i 1562, og kan ha vore i München et år eller to etter det.[2] Nevøen til Andrea, Giovanni Gabrieli, oppheldt seg i München i 1570-åra og kan òg ha studert hos Lasso. Ryet spreidde seg utanfor den musikalske kretsen og i 1570 gav keisar Maxmillian II han arveleg adelsskap, noko som var sjeldan for ein komponist. Pave Gregor XIII utnemnde han til riddar i 1571 og i 1573 vart han invitert av kongen av Frankrike, Karl IX til besøk. Mange prøvde å hyre han til sine eigne hoff, men Lasso var tilsynelatande ikkje interessert. I 1580 avviste han eit tilbod frå hertugen av Sachsen med begrunninga at han ikkje ynskte å forlate huset sitt, hagen og alt han sette pris på i München.[2]

Seint i 1580- og 1580-åra gjorde Lasso fleire reiser til Italia, der han møtte dei mest moderne stilane og trendane. Han valde likevel å halde på ein konservativ stil, og vart enklare og meir raffinert i seinare år. I 1590-åra byrja helsa hans å skrante, men han klarte likevel å gjennomføre reiser og komponere no og då. Det siste verket hans blir ofte rekna som det beste: eit sett av 21 madrigali spirituali kalla Lagrime di San Pietro («Tårene til St. Peter»), som han tileigna pave Klemens VIII og som vart publisert posthumt i 1595. Orlando di Lasso døydde i München den 14. juni 1594.

Musikk og påverknad[endre | endre wikiteksten]

Orlando di Lasso på eit kopparstikk av René Boyvin

Orlando di Lasso er ein av dei mest produktive, allsidige og universelle komponistane frå høgrenessansen og skreiv over 2000 verk i alle latinske, franske, italienske og tyske vokalsjangrar som var kjende på denne tida. Av desse finn ein 530 motettar, 175 italienske madrigalar og villanellaer, 150 franske chansons og 90 tyske lieder. Ein kjenner ikkje til rein instrumentalmusikk av Lasso, om det skuldast at han ikkje skreiv instrumentalmusikk, vil det vere uvanleg for ein så allsidig og produktiv komponist sidan dette elles var ei tid då instrumental musikk vart stadig viktigare i heile Europa.

Nesten 60 messer har overlevd og dei fleste av desse er parodimesser basert på verdslege verk skriven av han sjølv eller andre komponistar. Dei er teknisk imponerande, men likevel det mest konservative han komponerte. Somme av messene syner påverknad frå den venetianske skulen, særleg bruken av fleirkorteknikkar (til dømes Missa osculetur me, basert på ein av motettane hans). Einskilde messer er basert på sekulære franske chansons, nokre av dei direkte obskøne. Det verste dømet er nok Missa Entre vous filles (1581) basert på ein song av Clemens non Papa med tittelen Entre vous filles de quinze ans (om lag «Mellom dykk femten år gamle jenter»). Arbeidsgjevaren oppmuntra til denne praksisen, noko ein kan sjå av korrespondansen dei imellom. Korrespondansen viser elles Lasso som ein humoristisk mann som stod på venskapeleg fot med hertugen.[3]

Verk[endre | endre wikiteksten]

Til saman skreiv Orlando di Lasso om lag 2 000 verk, mange kom opp imot 30 ettertrykk.

Han skreiv til dels i den såkalla musica reservata, det vil seie verk som berre vart skriven for ein kjend personlegdom. Som Musica palese a tutti («musikk for alle») fekk villanellas, chansons og anna ei stor utbreiing.

Verdslege verk[endre | endre wikiteksten]

I forordet til samlinga med tyske songar nemner Lasso sine verdslege verk: han skal ha komponert italienske madrigalar, franske, tyske og nederlandske songar, men ingen nederlandske songar er overlevert.[4]

Kyrkjemusikk[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Franz Xaver Haberl, Adolf Sandberger (red): Orlando di Lasso. Sämtliche Werke. I 21 bind. Breitkopf & Härtel, Leipzig 1894−1926.
  • Horst Leuchtmann: Orlando di Lasso. Sein Leben. Versuch einer Bestandsaufnahme der biographischen Einzelheiten. Breitkopf & Härtel, Wiesbaden 1976, ISBN 3-7651-0118-4.
  • Horst Leuchtmann: Orlando di Lasso. Briefe. Breitkopf & Härtel, Wiesbaden 1977, ISBN 3-7651-0119-2.
  • Franzpeter Messmer: Orlando di Lasso. Ein Leben in der Renaissance. Musik zwischen Mittelalter und Neuzeit. Flade, München 1982, ISBN 3-922804-04-7.
  • Massimo Troiano: Die Münchner Fürstenhochzeit von 1568. Red. Horst Leuchtmann, Katzbichler, München 1980, ISBN 3-87397-503-3.
  • Annie Coeurdevey: Roland de Lassus. Fayard, Paris 2003, ISBN 2-213-61548-9.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Haar, kapitlet «Life: Early Years», s. 157-159
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 Haar, kapitlet «Life: Munich», s. 159-164
  3. Haar, kapitlet «Life: Letters», s. 164-167
  4. Jan Willem Bonda: De meerstemmige Nederlandse liederen van de vijftiende en zestiende eeuw. Uitgeverij Verloren, Hilversum 1996, ISBN 90-6550-545-8, s. 23

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • James Haar: artikkelen «Orlande de Lassus» i Stanley Sadie (red) The New Grove: High Renaissance Masters, Macmillan PAPERMAC, London 1984, ISBN 0 333 38238 2
  • Denne artikkelen bygger delvis på «Orlande de Lassus» frå Wikipedia på engelsk, den 5. april 2010.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • "Orlande de Lassus", i The New Grove Dictionary of Music and Musicians, ed. Stanley Sadie. 20 vol. London, Macmillan Publishers Ltd., 1980. ISBN 1-56159-174-2
    • Gustave Reese, Music in the Renaissance. New York, W.W. Norton & Co., 1954. ISBN 0-393-09530-4
    • Harold Gleason og Warren Becker, Music in the Middle Ages and Renaissance (Music Literature Outlines Series I). Bloomington, Indiana. Frangipani Press, 1986. ISBN 0-89917-034-X

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Orlando di Lasso
Notar