Orlov-diamanten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kopi av Orlov-diamanten. Han er snudd oppned på dette biletet.

Orlov-diamanten er ein roseslipt diamant på 189,6 karat.

Den eldste historia om Orlovdiamanten er omstridd: I følgje éin versjon var han opphavleg montert som «auge» i eit hinduisk gudebilete i eit brahmintempel i Mysore, men vart stolen av ein fransk desertør. Ein annan versjon vil ha det til at Orlov-diamanten eigenleg er den forsvunne Stormogulen-diamanten, som tilhøyrde den persiske Nadir sjah.

I 1774 vart Orlovdiamanten kjøpt av fyrst Grigorij Orlov, som gav han til Katarina II av Russland. Ho fekk han montert i tsaren sitt scepter. Orlov-diamanten er no ein del av kronjuvelsamlingen i Kreml i Moskva.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Malecka, Anna. «Did Orlov buy the Orlov?», Gems & Jewellery: The Gemmological Association of Great Britain, vol. 23(6), juli 2014; ss. 10-12.