Ormar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om underordenen av krypdyr. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå orm (fleirtyding).
Ormar
Hoggorm
Hoggorm
Utbreiing
Utbreiinga av ormar
Utbreiinga av ormar
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Krypdyr Reptilia
Infraklasse: Lepidosauromorpha
Overorden: Lepidosauria
Orden: Skjelkrypdyr Squamata
Underorden: Ormar Serpentes
Linné, 1758

Ormar eller slangar (Serpentes) er ein underorden av krypdyr utan lemer. Ordet slange vert særskilt nytta om ormar som ikkje finst i Noreg.[1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Ormane utvikla seg frå øglene for om lag 100 millionar år sidan, under krittida. Dei er rovdyr med rørlege kjevar som gjer at dei kan sluka svært store bytte samanlikna med sin eigen storleik.

Somme ormar har eit giftig bit, som dei brukar til å lamma eller drepa byttedyr. Men langt dei fleste ormane (1 600 av dei om lag 2 400 ulike artane) har inga gift.

Den ormearten som vert størst og tyngst, er den søramerikanske anakondaslangen, som kan bli opp til 10 m lang og vega 250 kg. Somme artar av pytonslangar kan bli minst like lange, men ikkje so tunge.

Alle ormar er kaldblodige.

Noreg[endre | endre wikiteksten]

I Noreg finst det tre ormar: hoggorm, buorm og slettsnok. Av desse er berre hoggormen giftig. Stålormen, som òg finst i Noreg, er ikkje ein orm men ei øgle utan bein.

Overfamiliar og familiar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.