Ormaryd

Koordinatar: 57°39′56.509″N 14°49′46.758″E / 57.66569694°N 14.82965500°E / 57.66569694; 14.82965500
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

57°39′56.509″N 14°49′46.758″E / 57.66569694°N 14.82965500°E / 57.66569694; 14.82965500 Ormaryd er ein svensk tettstad i Nässjö kommun i Jönköpings län i Småland. Ormaryd ligg mellom jernbanebyen Nässjö og det gamle handelsstedet Eksjö, ca. 60 km aust for Jönköping.

I 2005 hadde tettstaden 203 innbyggjarar. Folketalet er stabilt, i motsetnad til mange andre småstader, og det siste tiåret har folkesetnaden auka noko. Saman med Stensjön er Ormaryd ein av dei to stadane i kommunen som viser ein positiv utviklingstrend.

Historia til Ormaryd går tilbake til 1300-talet. Han vert første gong nemnd i eit svenskspråkleg dokument frå tinget i Höreda i 1409.

I 1909 blei det bygd jernbane mellom Ormaryd og Anneberg (til ein fyrstikkfabrikk). Jernbanen blei driven til 1934, då banen mellom dei to stedane blei nedlagde. Det finst derimot framleis jernbane i Ormaryd, den går mellom Nässjö og Oskarshamn. Det tar sju minuttar med tog frå Ormaryd till Nässjö sentrum. Jernbanen er det einaste kollektivsambandet i Ormaryd og er i seinare tid betra med fleire daglege direktesamband med Jönköping.

Idrettssamskipnaden Ormaryds IF (stifta i 1953) driv mellom anna med orientering og fotball.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]