Ormen Lange-feltet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ormen Lange (gassfelt))

Ormen Lange er eit naturgassfelt på norsk kontinentalsokkel. Ormen Lange er rekna for å vera Noreg sitt nest største gassfelt, etter Trollfeltet.

Feltet Ormen Lange vart oppdaga av Norsk Hydro i 1997. Produksjonsstart frå feltet var i september 2007. Feltet ligg på frå 800 til 1100 meters djup i Norskehavet, om lag 100 km nordvest av Møre- kysten. Utbygginga var eit krevjande prosjekt av di feltet ligg i rasgropa til Storeggaraset. Raset gjekk for kring 8200 år sidan. Det store havdjupa gjorde utbygginga komplisert og kravde utvikling av ny teknologi.

Gassen vert ført i land gjennom to fleirfaserøyrleidningar til Nyhamna på øya Gossa i Aukra kommune i Møre og Romsdal fylke. Anlegget på Nyhamna vart utvikla av Aker Solutions Engineering, medan sjølve byggekontrakta vart i hovudsak utført av Aker Kværner Stord. Gassen vert prosessert for eksport gjennom ein 1200 kilometer lang transportrøyrledning via Sleipner Riser-plattforma til Easington sør-aust for Leeds i England. Røyrledningssystemet har fått namnet Langeled, og er verdas største gassrøyrlina til havs. Då produksjonen tok til, var det venta at gassen frå Ormen Lange kunne gje Storbritannia 20 prosent av gassen landet trengde.

Det vert òg å utvunne noko naturgasskondensat. Kondensat er petroleum i flytande form ved normalt trykk og temperatur og inneheld propan, butan, pentan i tillegg til tyngre hydrokarbon.

Gassfeltet er kalla opp etter kong Olav I Tryggvason sitt langskip, Ormen Lange.

Medeigarar i Ormen Lange-feltet[endre | endre wikiteksten]

Norsk Hydro var operatør og ansvarleg for planlegginga og utbygginga av Ormen Lange. Shell står for drifta av anlegget og tok offisielt over som operatør i november 2007.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]