Ornament

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå ornament i musikk.
Illustrasjon frå L’ornement Polychrome av Albert Racinet. Ornament frå domkyrkja i Köln.

Ornament, utsmykking eller krot er eit visuelt element innan arkitektur, biletkunst og design. Eit ornament (av latin ornamentum, 'utrusting, pryd, smykke') kan stå åleine eller vera del av eit samansett, ofte symmetrisk mønster. Det kan førestilla plantar, dyr og liknande, eller vera abstrakte figurar.

Nokre vanlege ornament kan vera stiliserte figurar, mønster eller teikningar som til dømes kan visa slyngande plantar, fantasidyr og anna, og kan brukast til å utsmykka bygningar, møblar og kunsthandverk. Innan typografien blir det òg brukt ulike former for ornament, til dømes av initialar (dekorerte byrjingsbokstavar), vignettar, røsken (små ornament) og dekorerte linjer.

Innan modernismen tok ein avstand frå overdriven bruk av ornament etter at Adolf Loos skreiv det kjende manifestet sitt Ornament og forbrytelse i 1908.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]