Orografisk heving

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Orografisk nedbør)
Dette bølgjemønsteret i skyene er danna av øya Île Amsterdam lengst sør i Indiahavet ved orografisk heving av luftmassar over øya. Dette skapar bølgjer i lufta på nedstraumssida.
Lenticularissky over New Mexico
Orografisk stratus
Bølgjeskyer over Mount Duval
Vulkanen Korjaksij i Kamtsjatka i Russland, med ei fanesky som strekkjer seg utover på lesida av fjellet

Orografisk heving oppstår når luftmassar blir tvinga oppover av stigande terreng. Når lufta stig utvidar ho seg og blir adiabatisk avkjølt. Denne avkjølte lufta kan ikkje halde på like mykje fukt som varmare luft, og når etter kvart mettingspunktet (over 100 % relativ fukt). Dette skapar skyer og ofte nedbør.

Effektar av orografisk heving[endre | endre wikiteksten]

Nedbør[endre | endre wikiteksten]

Nedbør som oppstår som følgje av orografisk heving skjer mange steder i verda. Her i Noreg er Vestlandet eit godt døme på at orografisk heving fører til nedbør. Fuktige luftmassar frå Nordsjøen går ofte austover og blir pressa oppover av Langfjella. Dette er ein av hovudårsakene til at Vestlandet er det våtaste området i landet (og eit av dei våtaste i Europa).

Andre døme frå verda er:

  • Austkysten av Australia, som ofte har vedvarande austleg vind.
  • Fjella i New Zealand, som ofte møter vedvarande vestleg vind frå Stillehavet.
  • Sørlege område av Andesfjella, som møter vestleg vind frå Stillehavet.
  • Nordvest-USA og Canada har ofte vedvarande vestleg vind frå Stillehavet.

Stader på sjøsida av fjellrekkjer kan ofte få over 2500 mm nedbør i løpet av eit år. Ofte finn vi desse områda i lågtrykksbanane, som derfor får ekstra mykje nedbør.

Regnskugge[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Regnskugge.

Dei største nedbørsmengdene finn ein på losida like nedanfor toppen av fjellryggen, der den oppoverretta rørsla ofte er størst. Når lufta søkk på lesida av fjellet, blir ho varma opp og tørkar. Dette skapar ein regnskugge på lesida av fjellet, der det altså ikkje regnar. På lesida av fjell, av og til berre så lite som 25 km frå områda med dei største nedbørmengdene, kan den årlege nedbørmengda vere så liten som 200 mm.

Område i verda der ein har denne typen regnskugge:

Atmosfæriske bølgjer[endre | endre wikiteksten]

Når luft strøymer over ei fjellrekkje, kan orografisk heving fører til fleire bølgjeeffektar, som dannar vertikale luftrørsler nedstraums fjellet. Viss luftmassen er nær doggpunktet, kan bølgjene danne bølgjeskyer på lesida av fjellet.

  • Altocumulus lenticularis er stasjonære linseforma skyer, vanlegvis rettvinkla på vindretninga.
  • Ei hettesky eller kappesky er ei spesiell form for lenticulariskyer med skybase låg nok til at ho oppstår over fjelltoppen.
  • Ei fanesky er ei sky som blir danna nedstraums isolerte og bratte fjelltoppar. Ho blir danna av virvlar og lokal oppoverretta luftrørsler som kjem av luft som strøymer over fjellet. Matterhorn er eit fjell der ei slik sky ofte oppstår. Døme på ei fanesky på lesida av Matterhorn.
  • Ein fønvegg er ei vidstrekt sky som blir danna langs og parallelt til ein fjellrygg. Veggen er stasjonær medan luft strøymer gjennom skya. Fukt kondenserer i det lufta strøymer over fjellet, og fordampar når lufta strøymer nedover igjen på lesida av fjellet.

Vind på lesida[endre | endre wikiteksten]

Det oppstår vind nedover lesida av ein fjellrygg når stabile luftmassar blir løfta over fjellryggen av kraftig vind som aukar med høgda. Fukta blir fjerna og latent varme frigjort når luftmassane blir orografisk heva. Når lufta søkk igjen blir ho komprimert og oppvarma. Den varme fønvinden er eit døme på slik vind, og er delvis driven av at den orografiske hevinga fører til nedbør som frigjer latent varme.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Orografisk heving