Oropendola

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Oropendola
Montezumaoropendola i Costa Rica Foto: Scott Robinson, Rockville, MD, USA
Montezumaoropendola i Costa Rica
Foto: Scott Robinson, Rockville, MD, USA
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Trupialfamilien Icteridae
Slekt: Oropendola Psarocolius
Wagler, 1827

Oropendola (Psarocolius) er fellesnemninga på ni til elleve store sporvefuglar i trupialfamilien som lever i Mellom-Amerika og i Sør-Amerika aust for Andes og nord for Argentina og Uruguay. For tida er det vanleg å klassifisere alle oropendolaartar samla som eit takson, den biologiske slekta Psarocolius.

Alle oropendolaene er store fuglar med kraftige, kileforma og rettpeikande nebb og lange halar som alltid er minst delvis lyse gule. Hannar er større enn hoer.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Oropendolareir

Artane i Psarocolius har likskap i morfologi og storleik, typisk er hannar rundt 47 centimeter i total kroppslengd, hofuglar ca. 9-11 centimeter kortare. Hannar av amazonoropendola kan bli 53 centimeter, hos underarten i austre Brasil har hannar meir enn dobbel kroppsmasse av hofuglar. Kastanjeoropendola i Mellom-Amerika skil seg ut som ein liten oropendola, 35 og 28 centimeter for hannar og hoer høvesvis.

Fjørdrakta er vanlegvis dominert av kastanjebrun, mørkebrun eller svart, sjølv om nokre artar, som grønoropendola, kan syne olivenfarge på hovudet, brystet og overkroppen. Beina er mørke, men nebba er enten einsfarga svart, einsfarga lys, nær elfenbeinfarga, eller har slåande tofarga kontrastfarger, enten bleikgult eller raud tupp med ein grøn eller svart base. Dei ytre halefjørene er lys gule, men sentrale halefjører er mørke i varierande grad. Fire artar har eit nakent parti i kinnet, farga i blått eller rosa, montezumaoropendola har òg ein raud hudflik ned frå nebbrota. Svartoropendola som liknar, har litt mindre hudflik.

Oropendolaer er fuglar knytt til skogshabitat, eller for nokon artar, til meir open skog. Dei hekkar i koloniar, der dei bygger lange, vovne pungforma reir i tre, kvart hengt opp frå enden av ei tregrein og kan svinge fritt.

Desse selskapelege fuglane et store insekt og frukt. Det er kjent at kastanjeoropendola òg har ryggstrengdyr som froskar og øgler på menyen. Dei er veldig vokale, produserer eit breitt spekter av songar og kall, nokre gonger inkludert herming.

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Psarocolius i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]

  • Brunoropendola, Psarocolius angustifrons, Russet-backed oropendola, von Spix, 1824, (LC)
  • Inkaoropendola, Psarocolius atrovirens, Dusky-green oropendola, d'Orbigny & Lafresnaye, 1838, (LC)
  • Grønoropendola, Psarocolius viridis, Green oropendola, Statius Müller, PL, 1776, (LC)
  • Soldatoropendola, Psarocolius decumanus, Crested oropendola, Pallas, 1769, (LC)
  • Kastanjeoropendola, Psarocolius wagleri, Chestnut-headed oropendola, Gray, GR, 1844, (LC)
  • Montezumaoropendola, Psarocolius montezuma, Montezuma oropendola, Lesson, R, 1830, (LC)
  • Svartoropendola, Psarocolius guatimozinus, Black oropendola, Bonaparte, 1853, (LC)
  • Chocooropendola, Psarocolius cassini, Baudo oropendola, Richmond, 1898, (EN)
  • Amazonoropendola, Psarocolius bifasciatus, Olive oropendola, von Spix, 1824, (LC)

Handbook of the Birds of the World Alive listar to takson som er klassifiserte som underartar i Clementslista:

  • Psarocolius oleagineus, eng: Green-billed oropendola, splitt frå brunoropendola, Psarocolius angustifrons
  • Psarocolius yuracares, eng: Amazonian oropendola, splitt frå amazonoropendola, Psarocolius bifasciatus

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 18. august 2018 
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Oropendola