Orphans: Brawlers, Bawlers & Bastards

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Orphans: Brawlers, Bawlers & Bastards
Studioalbum av Tom Waits
Utgjeve 21. november 2006
Sjanger Rock, eksperimentell, viser
Lengd 188:54
Selskap Anti
Epitaph
Produsent Kathleen Brennan
Tom Waits
Tom Waits-kronologi
Real Gone
(2004)
Orphans: Brawlers, Bawlers & Bastards


Orphans: Brawlers, Bawlers & Bastards er eit musikkalbum av Tom Waits frå 2006 på tre CD-ar.

Boksen er ei samling av 24 sjeldne og 30 heilt nye songar. Kvar disk er meint som kvar si eiga samling. Den første består av røffare rock- og bluessongar, den andre med meir melankolske songar og balladar og den tredje med meir eksperimentelle songar.

Brawlers inneheld songar som dekkjer tema frå mislykka vennskap («Lie to Me», «Walk Away»), flaum og påfølgjande skadar («2:19»), bluesaktig gospel («Ain't Goin' Down to the Well», «Lord I've Been Changed»), sentimentale songar («Lucinda», «Sea of Love») og ein song om konflikten mellom Israel og Palestina («Road to Peace»).

Bawlers består stort sett av rolege songar der håpet i balladane på tidlegare album er bytta ut med resignasjon (mest tydeleg på «Bend Down the Branches», «Little Drop of Poison» (utgåva frå Shrek 2. Ei anna utgåve er på filmmusikken til The End of Violence), «Fannin Street», «Little Man» og «Widow's Grove»). Sporet «Down There by the Train» vart skriven av Waits Johnny Cash og vart først gjeve ut på Cash-albumet American Recordings.

Bastards omhandlar Waits sin meir eksperimentelle musikkstil og opnar med ein versjon av Bertolt Brecht sitt dikt «What Keeps Mankind Alive?» (musikk av Kurt Weill) og held fram med «Children's Story», som er eit uttdrag av skodespelet Woyzeck av Georg Büchner, som òg var grunnlaget for Waits-albumet Blood Money. Plata inneheld òg andre dikt som er Waits har sett musikk til, som eit Charles Bukowski-dikt om opplysing («Nirvana») og to songar «Home I'll Never Be» og «On the Road» med tekst av Jack Kerouac.

Waits har sjølv skildra samlinga som «mange songar som fall bakom komfyren medan eg lagde middag».[1]

Albumet fekk hovudsakleg svært gode kritikkar og ligg på andreplass på Metacritic si liste over dei 30 beste albuma frå 2006.[2]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songane er skrivne av Tom Waits og Kathleen Brennan, bortsett frå der andre er nemnd.

Plate ein: Brawlers[endre | endre wikiteksten]

  1. «Lie to Me» – 2:10
  2. «LowDown» – 4:15
  3. «2:19» – 5:02
  4. «Fish in the Jailhouse» – 4:22
  5. «Bottom of the World» – 5:42
  6. «Lucinda» – 4:52
  7. «Ain't Goin' Down to the Well» (Lead Belly, John Lomax, Alan Lomax) – 2:28
  8. «Lord I've Been Changed» (trad. arr. Waits, Brennan) – 2:28
  9. «Puttin' on the Dog» – 3:39
  10. «Road to Peace» – 7:17
  11. «All the Time» – 4:33
  12. «The Return of Jackie and Judy» (Joey Ramone, Johnny Ramone, Dee Dee Ramone) – 3:28
    • Tidlegare gjeven ut på eit tributtalbum for The Ramones kalla We're a Happy Family (2003)
  13. «Walk Away» – 2:43
  14. «Sea of Love» (Phil Phillips, George Khoury) – 3:43
  15. «Buzz Fledderjohn» – 4:12
    • Tidlegare gjeven ut på singelen «Hold On»
  16. «Rains on Me» (Waits, Chuck E. Weiss) – 3:20
    • Tidlegare gjeven ut på albumet Free the West Memphis 3.

Plate to: Bawlers[endre | endre wikiteksten]

  1. «Bend Down the Branches» – 1:06
  2. «You Can Never Hold Back Spring» – 2:26
  3. «Long Way Home» – 3:10
    • Tidlegare gjeven ut som filmmusikk til Big Bad Love (2001)
  4. «Widow's Grove» – 4:58
  5. «Little Drop of Poison» – 3:09
    • Tidlegare gjeven ut som filmmusikk til filmane End of the Violence og Shrek 2
  6. «Shiny Things» – 2:20
  7. «World Keeps Turning» – 4:16
    • Tidlegare gjeven ut på filmmusikken til Pollack
  8. «Tell It to Me» – 3:08
  9. «Never Let Go» – 3:13
  10. «Fannin Street» – 5:01
    • Er gjeven ut på den Waits-produserte John P. Hammond-plata Wicked Grin (2001)
  11. «Little Man» (Teddy Edwards) – 4:33
  12. «It's Over» – 4:40
  13. «If I Have to Go» – 2:15
  14. «Goodnight, Irene» (Lead Belly, Gussie L. Davis) – 4:47
  15. «The Fall of Troy» – 3:01
    • Tidlegare gjeven ut på filmmusikken til Dead Man Walking
  16. «Take Care of All My Children» – 2:31
  17. «Down There by the Train» – 5:39
  18. «Danny Says» (Joey Ramone, Johnny Ramone, Dee Dee Ramone) – 3:05
  19. «Jayne's Blue Wish» – 2:29
    • Tidlegare gjeven ut på filmmusikkalbumet Big Bad Love
  20. «Young at Heart» (Carolyn Leigh, Johnny Richards) – 3:41

Plate tre: Bastards[endre | endre wikiteksten]

  1. «What Keeps Mankind Alive» (Kurt Weill/Bertolt Brecht) – 2:09
    • Frå Threepenny Opera
    • Tidlegare gjeven ut på tributtalbumet for Weill kalla Lost in the Stars: The Music of Kurt Weill
  2. «Children's Story» – 1:42
  3. «Heigh Ho» (Churchill / Morey) – 3:32
  4. «Army Ants» – 3:25
  5. «Books of Moses» (Skip Spence) – 2:49
    • Tidlegare gjeven ut på More Oar i 1999, eit tributtalbum til Skip Spence av forskjellige artistar.
  6. «Bone Chain» – 1:03
  7. «Two Sisters» (tradisjonell, arr. av Waits / Brennan) – 4:55
  8. «First Kiss» – 2:40
  9. «Dog Door» (Waits/Brennan/Linkous) – 2:43
    • Med Sparklehorse; tidlegare gjeven ut på Sparklehorse-albumet It's a Wonderful Life
  10. «Redrum» – 1:12
  11. «Nirvana» – 2:12
  12. «Home I'll Never Be» – 2:28
  13. «Poor Little Lamb» (Kennedy / Waits) – 1:43
  14. «Altar Boy» – 2:48
  15. «The Pontiac» – 1:54
  16. «Spidey's Wild Ride» – 2:03
  17. «King Kong» (Daniel Johnston) – 5:29
    • Tidlegare gjeven ut på eit tributtalbum for Daniel Johnston kalla The Late Great Daniel Johnston: Discovered Covered (2004)
  18. «On the Road» – 4:14
  19. «Dog Treat» (bonusspor) – 2:56
  20. «Missing My Son» (bonusspor) – 3:38

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]