Orphir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Den forlatne Hall of Clestrain, fødestaden til utforskaren John Rae.

Orphir (norrønt Jorfjara/Orfjara[1][2][3]) er eit sokn og ein tettstad på Mainland i Orknøyane. Det ligg rundt 14 km sørvest for Kirkwall. Orphir omfattar eit kystområde på rundt 11 * 5½ km der ein mellom anna finn øyane Cava og Holm of Houton. Eit høgdedrag ved kysten er Houton Head på 91 moh., men elles er kystområdet helst flatt. Lengre inn stig landet i dalar og åsar til rundt 210 moh.

Hall of Clestrain er ein tidlegare hovudbygning i området. Det finst også ruinar av Earl Paul's Palace (Jarl Pål-slottet), kapell frå før reformasjonen, Round Kirk og fleire gravhaugar.

Kjende folk frå Orphir[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Anderson, Joseph (Ed.) (1893) Orkneyinga Saga. Translated by Jón A. Hjaltalin & Gilbert Goudie. Edinburgh. James Thin and Mercat Press (1990 reprint). ISBN 0-901824-25-9
  2. Pedersen, Roy (January 1992) Orkneyjar ok Katanes (map, Inverness, Nevis Print)
  3. Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 978-1-84195-454-7.
  4. «Margaret Manson Graham» i Elizabeth L. Ewan, Sue Innes, Sian Reynolds, og Rose Pipes, red., The Biographical Dictionary of Scottish Women (Edinburgh University Press 2006): 142-143. ISBN 9780748626601

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Orphir

Koordinatar: 58°56′N 3°9′W