Ortasjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ortasjøen
innsjø
none  Isola San Giulio
Område Pieemonte (provinsen Novara • provinsen Verbano Cusio Ossola)
Tilsig Fleire undervasselvar i tillegg til Scarpia, Pellino, Plesna, Qualba, Fiumetta, Pescone
Utløp Nigoglia
Høgd over havet 290 moh moh
Lengd 13 4 km km
Breidd 2 5 km km
Volum 1 3 km² km³
Nedslagsfelt 116 km² km²
Areal 18 2 km² km²
Øyar Isola San Giulio
Wikimedia Commons: Lago d'Orta

Ortasjøen er ein innsjø nord i Italia vest for Lago Maggiore. Han har hatt dette namnet sidan 1500-talet, men vart tidlegare kalla Lago di San Giulio, etter St. Julius (300-talet), vernehelgenen til regionen. Den sørlege enden ligg om lag 35 km nordvest for Novara med jernbane langs linja mellom Torino og Milano, medan nordenden ligg 6 km med jernbane sør for jernbanestasjonen Gravellona-Toce, halvvegs mellom Ornavasso og Omegna.

I innsjøen ligg øya Isola San Giulio som har nokre vakre bygningar og som har fått namnet frå den lokale helgenen Julius av Novara, som levde på 300-talet.

Den største staden ved innsjøen er Orta San Giulio, som ligg på ei halvøy på austsida av innsjøen, medan Omegna ligg heilt i nord. Ein meiner at innsjøen var ein del av ein mykje større innsjø som opphavleg fekk vatn frå Toce. Då isbreane trekte seg tilbake minka vassmengda og Toce rann i staden til Lago Maggiore.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Lake Orta frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta: