I dag er fødd ein frelsar stor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Os er i Dag en Frelser fød)

Os er i Dag en Frelser fød,
Guds Salvede i vores Kiød,
En Herre til Guds Ære;
Nu er han fød i Davids Stad.
Den Søn som Englene tilbad, .
Velsignet evig være;
Min Siel!
Kiend vel
Denne Naade,
Frie fra Vaade,
Mæt dit Øie
Ved Opgangen av det Høie.

Frå Guldbergs salmebok (nr 10)

I Dag er fødd vaar Frelsarmann,
Guds Son og daa vaar Broder sann,
Ein Herre til Guds Æra.
No er han fødd i Davids Stad.
Den Son som Englarne tilbad, .
Velsigna stødt skal vera!
Mi Sjæl,
Kjenn vel
Denne Naade
Fri fraa Vaade,
Lat ditt Auga
I hans Morgonljos seg lauga.

«Jolevers» i Elias Blix, Nokre Salmar (5. utg.)

«I dag er fødd ein frelsar stor» er eit preikestolvers skrive av Birgitte Cathrine Boye i 1778 som «Os er i Dag en Frelser fød», og omsett av Elias Blix i 1902.

I 5. utgåva av Nokre Salmar står salmen under tittelen «I Dag er fødd ein Frelsarmann», i lag med andre preikstolvers, med overskrifta Jolevers.

Salmen er med i Guldbergs salmebok og vart uforandra teken opp i Landstads Kirkesalmebok. I Norsk Salmebok står han både på nynorsk (nr 48) og bokmål («En frelser er oss født i dag», NoS nr 47).

Birgitte Cathrine Boye skreiv høgtidsvers for alle dei største heilagdagane, og vert difor kall kvinna med høgtidsversa. Juleverset vert i mange kyrkjer sunge medan presten står på preikestolen på juledagen, og høgtidsverset etter B.C: Boye har teke over frå det eldre juleverset «Et lidet barn så lystelig».

Både Boye og Blix viser til melodien «Av høyheden opprunden er» («Or høgdi ned i verdi skin»), ein melodi skriven av Philipp Nicolai i 1599.

Bakgrunnsstoff:[endre | endre wikiteksten]

Kjelder:[endre | endre wikiteksten]